søndag, november 26, 2006

Tur til fyret i skikkelig vestlandsvær!






Vetle og eg kledde på oss det me hadde av regnklær og tok med oss begge hundane bort til fyret i dag. Det blåste skikkelig godt, og bølgene tok med seg mengder av tang og tare inn til land.


Det låg fuglar utpå vatnet og dukka etter mat, og eg tenkte at eg ikkje ville vore fugl akkurat i dag.




På veg bort over jordet, forresten, fekk Ayla strøm i seg fleire gonger. Ho syns livet var skikkelig ukult eit godt stykke, men så kom halen opp og ho slappa meir av. Eg begynner faktisk å merke på måten ho tek godbiten på om ho er stressa eller ikkje, så no skjønar eg betre kva Pamela Dennison meiner i boka si.




Me traff eit par menneske i fullt regnutstyr, men ingen boffing eller busting. Ikkje frå Joey heller, så miraklenes tid er endå ikkje forbi.






Då me kom fram til fyret, blei me møtt av eit fantastisk syn! Bølgene slo høgt innover land, og vinden sendte bølgedråpar fleire titals meter bortover mot oss! Det regna ikkje akkurat då, så eg benytta sjansen til å generalisere utgangsstilling.




Eg fekk klikka fire fem gonger for at ho sat og såg på meg, og så ga eg meg. Ville ikkje la henne sitje der i den sterke vinden for lenge.




Akkurat då me skulle til å gå, såg me at ei gruppe folk kom gåande og dei hadde med seg hund. Vetle og Joey blei derfor sendt avgarde i motsatt retning, mens eg og Ayla venta til folka hadde kome opp trappene før me også gjekk derifrå. Ayla helste på hunden og det gjekk heilt fint det. Ingen busting eller boffing på folka heller. :-)


















2 kommentarer:

  1. Prøver en gang til, har ikke klart å skrive i bloggen din...
    Skikkelig vestlandsvær dere gikk tur i :) Vi har og hatt noen turer på stranden der man nesten flyr avgårde;)
    Hvordan går det med saxofon spillingen?

    SvarSlett
  2. Det går framover med saksofonspeling, og har nå hatt ein time hos "byens beste saksofonist". Og det er kanonkjekt! :-)

    SvarSlett