mandag, juli 16, 2007

Eg er flink til å ta meg saman!

Då Ayla kom i hus hausten 2005, var det blitt såpass kaldt i været at husvertane våre og naboane våre ikkje var særlig mykje ute. Eg mistenker difor at Ayla er rimeleg overbevist på at me bur her åleine. Alle andre er inntrengarar. Ingen andre enn oss har lov til å vera her.

Når då husvertane har besøk av foreldra HENNAR, hans er nemlig naboane våre, er det eit sant mareritt å lufte hundar. Joey bjeffer då fordi faren er gammal og kvithåra, og Ayla bjeffer fordi dei har då ingenting her å gjera!!

I dag då eg kom heim frå jobb, var eg heilt gåen og sliten og blodsukkeret var skummelt lågt. Då eg runda hjørnet ved lyktestolpen, såg eg den frykta bilen. Blæh, tenkte eg høgt.

Eg tenkte at om eg er raskt ut med hundane nå, så rekk kanskje ikkje foreldra HENNAR (husvertinna sine) å komme ut igjen, men eg var tydeligvis ikkje rask nok til å legge frå meg veska, bytte sko, og feste banda på hundane. Då eg kom ut, stod husvertane og faren der. Eg rygga inn igjen og sette meg oppgit i sofaen. Særs lite hyggelige ord kom ut ord munnen min, og Ayla kunne ikkje forstå kvifor ho hadde bandet hengande etter seg INNE!??!?!
Henslengt i sofaen, med vesten på, og på god veg til å synke ned i oppgittheten og sjølvmedkjensla, gjekk det brått eit støkk i meg. Kvifor bruker eg ikkje anledningen til å trene???

Eg heiv (ja, altså ikkje bokstaveleg) Joey inn på kjøkkenet, og gjekk ut med Ayla. Ho oppførte seg som om ho hadde vore i timeout, og gjekk perfekt ved sida av meg til me kom ut. Ingen bjeffing til å begynne med, men då ho såg faren, kom der EITT boff. Nokon der borte boffa tilbake, og så gjekk eg inn att med henne og lukka igjen døra frå innsida. Ho kom med nokre skikkeleg frustrerte klynk, og då det vart stille att, henta eg henne ut igjen. Ho fekk lov til å gå bak meg til me hadde kome heilt ut på plassen, og så gjekk ho klistra ved mi venstre side og niglodde meg i augene. Ikkje ein lyd!!!! Eg hadde ikkje klikker med meg (!), og brukte ros i stadenfor. Frolic var elles det eg hadde å by på, men det var visst veldig stas i dag! Me gjekk forbi gårdsplassen, snudde, gjekk inn i gongen igjen, og ho gjekk bak meg ut igjen. Dette gjentok eg tre gonger til, før eg stilte meg opp på gårdsplassen med henne i utgangsstilling.

Ho sat som eit lys, og eg rosa og ga godbit.

Så mota eg meg opp og henta Joey. Han såg sikkert ikkje faren, og gjekk lydlaus forbi alle saman! :-)

Seinare fekk eg vite at det var faren som hadde boffa, og då hadde husverten sagt klart frå om at det fekk han ikkje lov til. :-)



Ellers fekk eg omsider lagt eit spor for Ayla. Det vil seie, Vetle la det, med to vinklar, og ho fann slutten etter litt somling. Mogleg at eit par dagar gamalt nyslått jorde ikkje er det beste underlaget å legge spor på..

2 kommentarer:

  1. Kjempeflott! Du er flinkere enn du gir deg selv kreditt for! :)

    SvarSlett
  2. Takk takk! :-) Det er godt � se at du og Snuppa er i gang igjen ogs� F�lger med, skj�nner du... :-)

    SvarSlett