fredag, juli 27, 2007

Å velge mellom to onder. Og håpe ein valde rett.

Klokka var nesten mørkt i kveld då eg bestemte meg for å ta sjansen på at der ikkje kom til å vera folk ute om eg tok Ayla og sykkelen med på ein liten tur. Det regna, og eg følte meg riktig så sprek og frisk då den første byga gjorde det umulig å ha på brillene lenger.

Ayla trava ved sida av sykkelen som om ho aldri hadde gjort anna, og stoppa berre ein gong for å snuse på noko. Ca halvveis slapp eg henne laus, og sykla roleg langs sjøen. Då høyrde eg tre skot med jevne mellomrom, og Ayla reagerte med å miste halen litt, men ho haldt følge med meg.

Då me skulle opp mot asfaltvegen igjen, såg eg to personar komme gåande mot oss. Den eine bar på eit rifleliknande våpen, knekt over armen med løpet vendt ned mot marka. Heldigvis hadde eg ei tube leverpostei, og la den ned på bakken. Eg trødde på den så det kom ut ein jevn strøm mens dei to guttemennene (å, så gamle me føler oss av og til) passerte. Ayla hadde det travelt med å få i seg leverposteien, og eg trudde meg redda.
Det var då dei to stoppa ein seks-sju meter nedanfor oss. Dei såg ut mot krattet, og eg frykta at dei skulle skyte derifrå mens me stod der. Då var eg redd Ayla ville ha stukke av og gått berserk av panikk, så eg spurde dei roleg om dei kunne vente til me hadde kome ein del lenger opp. Dei svarte like roleg at joda, dei hadde då ikkje tenkt å skyte når me stod der.

Ved lyden av stemmen til han som svarte, bjeffa ho tre gonger. Så måtte ho tilbake til leverposteien igjen. "Sånn", sa eg og tok tuba etter nokre sekund før eg sette meg på sykkelen og sykla derifrå. Ho viste ingen ytre teikn på at ho var stressa av dei to, men eg kjende då eg ga henne ein frolic, at ho var hard i munnen.

Nå i ettertid tenker eg at eg skulle tidd stille, men eg var ikkje sikker på at dei ikkje kom til å skyte, og eg vil TRU det er lettare å jobbe med å ikkje bjeffe på framande enn det er å motbetinge ein skuddliiiiiiivredd hund, som ho garantert ville blitt.

Resten av turen gjekk fint. Ho er så utruleg flink til å trave ved sida av meg! Ho vil helst halde seg inntil venstre sida av vegen, så foreløpig har eg springeren slik at ho kan halde seg der. Eg lager litt lyd med giret når eg skal stoppe, og det ser det ut til at ho har forstått allerede. Flinke toårige hunden min!! *smelt* Eg tenkte på veg heim, at eg er då heldig som har ein sånn flink hund som bare plutselig kunne trave fint ved sida av sykkelen, liksom, og så fant eg ut at jammenmeg kan eg også få ha NOKO som går enkelt. :-)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar