fredag, juli 07, 2006

7. juli Oppsummering den siste veka


Fredag reiste eg til Ålgård og tok med meg Silje og Elisabeth heim til Vistnes. Det var flyttehelg, og eg ofra meg til å passe jentene...

Ayla simpelthen ELSKER jentene, og Joey også, for den saks skyld. Ho blei i ivrigaste laget, så eg måtte sette henne i buret ei lita stund.
Jentene hadde lyst til å bade i varmen, så me lånte bassenget til Andreas og tok oss ein dukkert alle tre. Tante måtte uti først, og gradestokken viste 20,5 varme. Silje er ein frostpinn og ville opp ganske snart. Elisabeth er lik tanten sin og skulle ikkje opp i det heile tatt.

Lørdagen stod jentene opp halv elleve, og me åt frokost før me heiv oss rundt og starta med decoupage. Kvelden før hadde me vore på IKEA og kjøpt to små skuffekommodar som jentene skulle male og lime serviettar på og ha på romma sine i det nye huset.
Ayla var mykje rolegare i dag rundt jentene, så ho fekk ingen pausar i buret i dag.

Søndag låg eg strekk ut med akutt magesjuke, og var knapt tilstades i denne verda.

Mondagen var eg framleis dårleg, men klarte å få i meg litt mat.

Tysdag var det skrekkeleg varmt, så det blei berre ei lita treningsøkt på kvelden. Då trente me på å byte leiker.
Det gjorde me på onsdagen også, og då hadde eg kjøpt nytt skeinebrett i stoff, sånn at eg hadde to leiker av lik verdi å byte med. Det gjekk kjempeflott!

I går tok me med oss begge hundane og gjekk ein runde på 1,4 km. Me trente båndtrening heile turen, og brukte ikkje mindre enn halvannan time!!
Det kom eit par andre turgåarar, så eg trente også på det med Ayla. Ho observerte dei fint, og tok i mot godbitane roleg og bra. Ingen teikn til vokting eller varsling eller noko!!

Eg var nok litt håpefull som trudde at ho skulle gå fint på den turen, for det er lenge sidan me har gått akkurat der. Når me går langs vegen går ho jo fint i band, og eg treng mest ikkje stanse i det heile. I går tok det meg altså nesten halvannan time å gå 1,4 km, ein tur som normalt skal ta ca 10-15 minutter.
I ettermiddag ser det ut til å bli like kjølig som i går, så eg får sjå om ikkje eg klare å overtale Vetle til å bli med rundt Mosvatnet (3 km)... Eller kanskje han kan vera heime med Joey, for Joey er ikkje i form i dag. Må tenke litt på den..

1 kommentar:

  1. For et nydelig bilde du hadde tatt av jentene. De snakke om når de va hos tante og låg der endå, så det vise jo bare at de hadde kjekt. Har mange delte følelsar for i mårå, om det å sette Swejsan på kennelen, men eg har vore inne å sett på heimesida til pensjonatet, og det blei litt bedre etterpå. Såg ein tur kosta bare 25 kr, så han skal nok få seg et par av dei den vekå..
    masse gla ideg.
    *klem fra litlasøster i det perfekta huset på bondelandet*

    Friday 7 July 2006 - 10:26PM (CEST)

    SvarSlett