torsdag, juni 29, 2006

29. juni. Morgenobservasjonar

Ayla var som vanleg med inn på badet i dag morges, og der fann ho ein rosa sokk som ho får leike med av og til. Eg sette meg ned på golvet ved sida av henne, og førte handa mi mot sokken for å leike. Då la ho hovudet over sokken som for å hindre at eg skulle ta den.
Eg trekte handa mi til meg igjen, og viste henne håndflaten. Det er det eg har gjort når eg vil at ho skal kome til meg med leken ho har i munnen slik at me kan draleike litt.

Ho såg på meg, så på handa mi, og så gjekk det opp eit lys for henne! Ho plukka opp sokken frå golvet, strekte hovudet bort, og dunka sokken borti handa mi så eg kunne ta tak!! Me leika ei stund, og så slapp eg sokken igjen. Viste håndflata og ho kom bort for å leike meir.

Inne ser dette ut til å fungere greit no, så den store utfordringen er å få det til ute også.

Dersom det blir tid i kveld, skal eg bort på jordet og leike igjen. Det fungerte så utruleg godt sist, og Ayla har om mogleg blitt endå meir fokusert på meg etter den kvelden. I "Bringing Light To Shadow" skriv Dennison at i hennar iver etter å hjelpe Shadow over menneskeaggressiviteten hadde gløymt å leike og slappe av med han. Og at for kvar gong ho hadde gjort berre kjekke ting i lag med Shadow, hadde forholdet deira blitt betre og betre.
Ho skriv også at ein skal lage seg eit bilete av drømmehunden, så skal ein kaste det vekk og konsentrere seg om bit for bit heller. Ein kan lett bli mismodig og føle at alt er håplaus om ein heile tida er opphengt i korleis resultatet skal bli (mhmm, stemmer det...) til slutt, og at nokre gonger må ein miste målet ut av syne for å nå det.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar