søndag, juni 25, 2006

25. juni. Trening på Klepp

I dag var me fire stk og seks hundar som trente.

Fekk trent masse på vokting i bilen, og det kom ett bjeff på vokting og litt fleire for frustrasjon på at ein annan hund lekte og ho ikkje fekk vera med.. Eg stilte bilen slik at me skulle sitja rett utføre buret hennar, og slik at eg kunne sprette opp og gi henne tube når det kom folk. Og der kom ein del folk... Litt for mange etter min smak. Men Ayla greide seg fint, og slappa godt av i buret.

Eg trur berre eg må innsjå at Ayla er ikkje så oppteken av å bli tatt på av framande når ho er gira og vaken. Då er det meir stas for henne å få slikke på hender eller få godbitar, eller faktisk å bli snakka til.. Ho logrer nesten halen av seg når nokon prater til henne.

Ellers trente me på utgangsstilling (som framleis er eit einaste digert svært gigantisk mareritt). Kontakt med andre hundar til stades, vokting, bytte leker, slakt bånd.

Bytte leker fungerte IKKJE når lekene var av ulik verdi. Når eg brukte frosken og ein rød liten monsterdings, så kom ho inn med kvar leke og fekk den andre i bytte.

Ayla har ikkje ete på ein del dagar nå. Faktisk har ho vore svært småeten i halvannan veke. Ingen av dei dagane har ho ete begge måltida, men elles er ho ikkje slakk eller mindre bøllefrø.

Joey har begynt å jukke ved sida av Ayla og er veldig interessert i henne generelt. Ho hadde løpetid i april/mai, så ho kan då ikkje få igjen NÅ??? Eller er det Joey som beynner å bli senil og rar?

________________________________



Ellers har eg kome godt i gong med "Bringing Light To Shadow". Det er skikkelig interessant å lese om Dennison sin veg mot ein fungerande hund ut frå det ho hadde å jobbe med.
Eg leser mange av mine tankar i hennar ord, og faktisk nokre av opplevingane også.
Som f.eks dette med overslagshandlingar. Når Shadow har hatt ein dårleg dag, der ho har gått for fort fram, eller han har måttet gjere utfall, så lar han det gå utover dei andre hundane i heimen. Pamela pleide å kalle Shadow til seg i dei tilfellene, men gjekk over til å stå mellom dei for å bryte opp og skilje dei. Det funka best hjå oss også, men eg leste om det etter at eg hadde begynt med det heime.


Ted Turner, som er ein svært kjent adferdsspesialist i USA, skreiv til henne i ein mail: "Regression is a part of the progression" Det må eg også huske. Og at EG er ansvarlig for å setje Ayla opp til å lukkast.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar