onsdag, juni 14, 2006

14. juni Panikktrening

Ja, det er noko som heiter panikktrening i mitt vokabular. Panikktrening er lite gjennomtenkt trening som ender opp med ei forvirra Ayla og ei lettare fortvila Kari Anne.

Treningsvakuum (måtte faktisk slå opp for å sjekke om det skulle vera to uar! Er det alderen som slit? ) er tungt å komme seg ut av...

Planen var opprinnelig å trene på Bli Liggande, men eg hadde ikkje tenkt gjennom det på forhånd. Ayla spratt opp etter kvar einaste godbit, og eg fekk rett og slett ikkje klikke for at ho låg i ro. Ikkje før eg bevegde meg vekk frå henne så eg ikkje lenger stod to cm frå beina hennar. Då låg ho i ro, og eg fekk klikka for at ho låg i heilt heilt i ro.

Når eg ikkje har bil å gi henne pausar i, så er eg ikkje flink nok til å gi henne ro til å tenke og slappe av.

Eg endte til slutt opp med å binde henne i lyktestolpen like ved der me trente, som eg har gjort tidlegare når Joey har vore med bort for å trene.
Så kom Elna køyrande, og Elna er ho som driv besøksgården like ved der me trente. Ayla elsker denne dama, og eg har problemer med å halde Ayla i ro når ho høyrer og ser Elna.

I går kom altså Elna køyrande medan Ayla låg ved lyktestolpen. Eg var 10 meter lenger vekke, då Elna stoppa bilen like ved Ayla. Ayla spratt opp, og då Elna byrja å prate, såg eg at Ayla blei usikker og redd, og gjekk ned mot bilen. Elna spratt ut av bilen før eg fekk sukk for meg og byrja å prate og prøve å klappe henne. Ayla bjeffa og busta og var redd, men eg ville ikkje rope til Elna i frykt for å skremme opp Ayla endå meir. Eg fekk kommt meg ned dit og sa rolig til Elna at ho måtte halde seg utanfor rekkevidde til eg hadde fått roa Ayla ned. Ayla tok kontakt med meg med ein gong eg kom, og busta senka seg og ho slutta å bjeffe, og ville bort til Elna for kos. Ho fekk gå bort i slakt band. Elna sette seg ned og eg forklarte situasjonen for henne.

For meg var dette eit stort steg tilbake, for Ayla har ikkje hatt utfall på lenge no.

Never in a million years kunne eg ha forutsett korleis ho skulle reagere, for Elna har kommt køyrande forbi mange gonger når me har vore der. Ayla fekk helse på Elna då ho var ni veker første gongen, og sidan har ho sett og høyrt henne stort sett kvar dag.

Me har jobba mykje med at bilar kan passere oss utan at Ayla skal springe ut i vegen etter at bilen er forbi, og me var komne dithen at ho tok kontakt med meg kvar gong ho høyrde ein bil. Så hende det ein gong at ein idiotfyr kom køyrande forbi og Ayla tok kontakt med meg med ryggen til bilen. Idiotfyren bremser og køyrer sakte forbi mens han ruller ned vinduet og bjeffer som ein gal! Ayla blei vettskremt, og eg hadde mest lyst til å halsvrenge fyren.

Mogleg at den episoden førte til Ayla sin reaksjon i går, eller det at ho var åleine.. Eller ein kombinasjon.. Trist var det i allefall at ho måtte takle det skumle heilt åleine. Det skal ikkje skje igjen.







Når det er sagt, hadde me suksess med noko også i går... Olaug var her og trente med Swejsan, og ein eller annan gong MÅ han og Joey helse på kvarandre og finne ut at den andre eksisterer. Eg har nettopp kjøpt ein fire timars DVD med Pamela Dennison der ho held foredrag om aggressive behavior in dogs. Der trente dei på hundeaggressjon og slike ting, og motivert av det, tok eg altså ut Joey i går for å sjekke om det funka, det ho hadde snakka om.

Til å begynne med var avstanden for liten, så me gjekk litt lenger vekk. Då ville han ha leverpostei. Swejsan kom gradvis nærmare, og eg ba Joey sitte, dekke, sjå på meg og sånne ting for å gi han noko å meistre mens han registrerte at den andre kom nærmare.

Så byrja me å passere kvarandre med hundane ytterst heile tida, så gjekk me same retning av og til, og deretter passerte me kvarandre MED LAUST BAND med hundane i midten før me gjekk same retning og til slutt helste dei på kvarandre med snusing og dempande signaler før me ga oss.

Eg vil kalla det 100% suksess!!! Joey er trass alt 10,5 år! Flinke guten min!!

I dag skal me trene igjen, eg veit ikkje kor, men eg er ikkje så sugen på å køyre så veldig langt. Eg må heilt klart ha bilen med så eg gir Ayla vettuge pausar.

Er forresten SVÆRT nøgd med innkallinga på den hunden! Fantastisk! Eg har vore flink!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar