søndag, juni 04, 2006

4. juni, Trening på Klepp


Biletet er kopiert frå Anne Karin sin blogg (med tillatelse, sjølvsagt)

Etter eit heilt styr på morgonen, der både eg og Olaug hadde forsove oss, greidde me å vera på Klepp til fem over elleve. Brita og Anne Karin var allereie der.

Anne Karin hadde med seg lang frakk, caps og solbriller, og kom gåande mot oss med rar gange. Ayla busta både framme og bak og syns dette var skummelt. Me klarte å unngå at ho bjeffa, og Ayla tok sjølv kontakt med Anne Karin. Då ho skjøna kven det var, smilte Ayla ganske så intenst.

Brita kom også gåande mot oss, men med henne busta ikkje Ayla i det heile tatt. Det var vel ingenting som var skummelt etter den lange frakken, tenkjer eg..

Me forflytta oss til baksida, og Janette ( barndomsvenninne) fekk sjå litt korleis me trener. Ho har nett fått seg ein storpuddel ved namn Maurice (snart to år) som ikkje kan noko anna enn å stå og innkalling.
Olaug og Anne Karin hadde litt møtetrening som var særs vellukka, og eg hadde ute Ayla og byrja litt hindertrening. Ho hoppa att og fram mellom meg og Olaug, og forsøkte å tilby lynkjapp sitt, dekk, stå, dekk, sitt til ryggen til Olaug, før ho ga opp og hoppa over til meg. Etter det tok ho poenget og hoppa att og fram nokre gonger før me ga oss. Hinderet var ca 5 cm høgt.
Seinare på dagen hoppa ho att og fram mellom meg og Anne Karin, og då gjekk det betre. Ho gjekk utanom ein gong, men då fekk ho ikkje klikk, så dei 6-8 neste gongene hoppa ho over hinderet (som då var cirka 20 cm høgt)

Så tok me ut Maurice (utt Morris), og byrja å betinge klikkeren. Han tok jo dette her utruleg kjapt, og på kvelden ringte Janette og fortelde at ho hadde trent kontakt og sitt og sa ho hadde lyst å vera med på søndagstreningane framover. Då blir me fem!

Elles blei det mindre trening denne dagen enn vanleg. Ayla og eg trente på dekk, hinder, plukke apporten opp fra bakken, helsetrening, kontakt, ikkje hoppe på Olaug, og så fekk ho springe litt med Aro heilt på slutten.

Swejsan og Shaylee fekk også vera lause i lag, og det gjekk kjempefint!

Avslutta dagen med eit besøk på McD, og eg kjøpte kyllingnuggets. Hadde halvveis forventa at det skulle smake likt som på Kentucky Fried, men det smakte berre ekkelt. Aldri meir nuggets på McD.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar