tirsdag, juni 27, 2006

27. juni. Eureka!!

Då eg kom heim frå jobb, var husverten og sonen ute og malte redskapsbua her. Eg slengde frå meg veske og nøklar og tok med meg Ayla ut for å trene på vokting.. eller antivokting... men då me kom ut, var dei der ikkje lenger. Trudde eg. Då Ayla såg dei, inntok ho helsepositur som er øyrene bak, halen ned og ivrig logrande, og så kjem smilet fram. Ganske underdanige teikn, men ho bjeffa ikkje, så eg tar det som framgong og vellukka trening!

Ho måtte sjølvsagt logre halen borti den nymalte veggen, så me måtte bruke rensekrem og måtte i dusjen (som forøvrig gjekk utruleg bra uten panikk), og fekk behalde halen i naturleg farge i staden for mørk grøn.

Nevnte eg at den fantastiske Ayla ikkje bjeffa??





Tok med meg Ayla og Joey bort til parkeringsplassen og hadde med meg diverse leker som eg skulle byte bort med Ayla. Eg skulle ikkje trene på noko spesielt, anna enn å byte leker.

Joey rusla for seg sjølv, men haldt seg rundt oss. Han er VELDIG interessert i Ayla for tida, men det kan då ikkje vera løpetid igjen når det berre er TO SMÅ mnd sidan sist????

I går prøvde eg den kvite plasthunden som piper, den rød monsterdingsepipeleken og skeinebrettet av stoff. Ho hadde ikkje lyst til å komme inn med noko av det, men det gjekk på eit vis.

Så var det nett som om det gjekk opp eit lys for henne, nemleg at dersom ho kjem inn til meg med det, så blir det leking og herjing ei lita stund før ho på nytt kan springe og hente det!!
Til slutt kunne eg kun hive den kvite hunden som ho sprang og henta og kom rett inn til meg med det! Eg haldt ut handa mi, og ho kom heilt bort og dytta handa mi med leken!! Då drog me litt før eg putta hunden i lomma og venta. Ho smalt ned i dekk, og eg klikka og heiv hunden (leken, altså) avgarde! Ho eksplosjonsgallopperte ut og henta den tilbake, og me lekte ei stund før ho måtte komme opp ved sida av meg på rett plass når eg gjekk rundtomkring.

Tunga hang ut i munnviken, og kontakten var upåklageleg, og ho var skikkelig MED!

Trente litt triks med Joey også før me gjekk heim igjen.


Hverken Joey eller Ayla er særleg storetne for tida. Særlig Ayla eter svært lite. Ho er fortsatt IKKJE slapp eller sløv. Det einaste som er annleis er at ho ikkje eter nok. Dette har vart i to veker no.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar