søndag, juni 11, 2006

11. juni Oltedal


Henta Olaug og jentene og Swejsan i ti-tida, og så køyrde me alle til Oltedal for å kikke på utstillinga som var der.

Anne Karin og Shaylee hadde allereie vore i ringen då me kom, men dei var der framleis likevel. Swejsan oppførte seg eksemplarisk, og det gjorde Ayla også. Det var smellvarmt og sol og ein haug med folk og hundar!

Me traff Janette og Edel der også.

Halv to pakka me saman sakene og drog heimover, og både Silje og Elisabeth sovna etter ei kort stund.



På kvelden klarte eg å gi meg sjølv brannsår ikkje mindre enn to gonger. Eg skulle trene på doggie-zen og avstandsbelønning med Ayla borte på jordet her. Ho hadde langline på, og eg gjekk med sandalene på bildet her..

Me dreiv og trente, og ballen låg eit stykke borte. Brått heiv ho seg rundt og sprang mot ballen. I min iver etter å stanse henne så ho ikkje fekk belønne seg sjølv, trødde eg på lina. Den lause enden som eg trødde på låg vendt mot ballen, og enden som var festa i Ayla gjekk altså over foten min. I det eg trødde ned skikkelig, og Ayla strama lina, skar den seg ned i huden min og lagde eit lite sår.
Fillern, tenkte eg, og trente vidare.

Så skjedde nøyaktig det same ein gong til, denne gongen litt nedforbi, og myyyykje vondare. Eg tenkte noko anna enn fillern då, men trente vidare til me fekk til ei vellukka avstandsbelønning. Så gjekk me heim for å oppdage at såra var brannsår med væske og verk og heldigvis visste eg ikkje at det skulle gå to veker før eg kunne ha andre sko på meg enn desse sandalene.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar