fredag, juni 16, 2006

16. juni. Billig rottweiler til salgs!

Gjekk tur med hundane i går på ein runde der eg ikkje trengte å vasse i gras med barbeinte føter i sandaler. Turen gjekk kjempefint, og Elna kom køyrande og stansa, og Ayla var heilt i hundre! Elna foreslo sjølv at kvar gong ho kom køyrande, skulle ho stanse ved oss, nærmare og nærmare Ayla. Eg syns jo det er flott, så får eg berre trene mykje på at ikkje alle bilar stanser og produserer folk som skal forgude Ayla. Skal nok gå godt, det..

Me brukte tre kvarter på 2 km, med bandtrening, så då me kom heim var begge hundane nøgde og la seg til å sove medan eg åt middag. Klokka seks drog eg til OBS og handla, og var heime halv åtte. Då rakk eg akkurat å porsjonspakke kyllingen og ha farge i håret før SOS hundehjelpen begynte.

Etter at me fekk oss harddisk opptakar, er det ikkje så farleg lenger om ein ikkje får med seg byrjinga av eit program. Det er berre å setje på opptak, og når eg kjem ti minutter seinare og programmet har starta, trykker eg Play, og så kan eg sjå frå byrjinga MENS den tar opp! Marvellous!!



Så inntok rottweileren fra helvete arenaen.
Ho fant kvart einaste litle papir eg ikkje hadde rydda vekk + ein blå kulepennkork+ ein tom dorull + tøffelen min og tok med seg inn i buret. Så fant ho "Cautious canine" boka og fant ut at den var kjempegod å tygge på! Så rusla ho inn på kjøkenet og var oppi plastavfallsposen og henta seg emballasje fra tidlegare nevnt kylling. Tru om eg rett og slett må lukke att buret så ho ikkje kjem inn dit med kva enn ho finn?
Me gjekk ut, og i same augneblinken ho sette foten utanføre døra, fauk ho rett på Joey og skulle bølle med han. Eg tok henne i band, og lot han gå laus, men då skulle han halde seg rundt beina på meg, og Ayla var eit mareritt å ha i band!!

Så fant ho katteskit rett ved vegen, og den glefsa ho sjølvsagt i seg! Så fant ho hesteskit, og gåseskit og andeskit. Alt dette heiv ho i seg med stor entusiasme innimellom bøllinga med Joey og trekking i band og og biting i band og sånne ting.
Eg tenkte intenst at eg skulle hive heile klikkertreninga på sjøen og gå tilbake til positiv straff, og rett og slett denge henne gul og blå! Korleis eg klarte å la vera er meg framleis eit under, men eg byrja å klikke ofte for at ho gjekk På Plass (har ikkje lagt på kommando, men Joey sin kommando for å gå ved sida av meg og sjå på meg heiter det) eit og eit steg. Dette roa meg, og Joey fekk gå i fred.

Klarte å oppnå nok kontakt til at me alle kom heilskinna inn dørene igjen, men då byrja terroren med fornya styrke. Ho peste og smatta og smaska på alt ho både fann og ikkje fann på golvet, og eg er sikker på ho er halvt KU!!! Korleis elles kan ho tygge på ting ho ikkje hadde i munnen tre sekunder tidlegare?? Ho MÅ jo drive å gulpe opp att ting frå tidlegare!

Då Vetle kom heim rett før elleve var eg på randen av nervøst samanbrot, hadde ikkje fått pakka til i dag, og eg hadde ikkje fått rydda alt eg ville. Eller lest i Bringing Light To Shadow, eller ordna til hundesekken, eller slappa av.

Til alt overmål vakna me klokka kvart over fem i dag morges av at Ayla skrapa på døra på hunderomet. Kva er det som går av henne????

Det er to mnd sidan løpetid, og ho er 10,5 mnd nå.

Dessuten blei hårfargen teit og feil.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar