onsdag, juni 14, 2006

14. juni Positiv forsterkning for tobeinte

Då eg kom heim idag, tok eg med meg nokre pølsebitar og klikkeren og gjekk ein liten tur med begge hundane i band. Ayla er fortsatt litt stressbøllete med Joey, og Joey bare står og kniper igjen augene til ho er ferdig eller eg bryter inn, stakkars.

Dei gjekk fint i band, utan å trekke nevneverdig, og pølsene blei delt ut med rund hand.

På den filmen med Pamela S. Dennison, seier ho at det gjeld om å finne stor variasjon av forsterkerar, f.eks om vinteren kan klikket bety at snø blir kasta i lufta og hunden får ta deg, og om somaren kan ein hiva nokre grastustar som belønning.

Eg prøvde nemleg det siste der på kveldsturen i går, og Ayla syns dette var stor stas! Såpass stas at ho byrja å tilby dekk og sitt og sittopp og allslags, så difor belønna eg med gras i dag!
Her bles det jo alltid, så graset får litt fart på seg, og når det i tillegg er nytt og grønt og ferskt og smaker godt, så blir det nesten "tre ting på en gang"!

På veg tilbake gjekk eg nemlig tom for pølsebitar og fekk ein augneblink panikk for at dei skulle gjera noko bra (høyrt slikt?), sidan eg ikkje hadde belønning. Då var det eg kom på graset igjen... Det kom ein bil køyrande, eg ropte Ayla til meg så ho ikkje skulle stå i vegen, ho kom og sette seg som ho plar gjera, og når bilen hadde passert sa eg JAH! og heiv graset opp i lufta. Vinden tok graset og sendte det eit par meter bortover vegen, og Ayla, lukkeleg og nøgd, heiv seg etter kvart eit strå og tygga det i seg.
Då tenkte eg at frå no av kan eg aldri gå tom for forsterkerar så lenge det fins gras der eg går, eller snø.

Då eg sto utføre døra her heime, tenkte eg at det var godt å kjenne på den litle suksessen det var å ha gjennomført ein heil tur (om enn liten) utan å ha lyst til å gi opp heile opplegget.

I kveld kjem Olaug og Swejsan over ein tur igjen for å trene meir. Og eg har gått heilt tom for treningsenergi... Jaja... Me skal ikkje trene lenge, for det er avslutning i LOST, og det må me jo få med oss, eg og hundane...

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar