lørdag, juni 03, 2006

3. juni. Heiagjeng på utstilling på Sola.

Me skulle ikkje stille sjølv i dag, men eg ville vera der for å filme Shaylee på bordet. Me kom der ti over halv ti, for dei hadde oppmøte klokka ti. Anne Karin, Arnfinn og Liv Karin kom fem minutter etter meg. Det var jammen godt me kom der så tidleg, for elles hadde eg nok ikkje nådd å få med meg Shaylee i ringen. Då klokka var 13:48 blei nummer 49 ropt opp! Jadda.. Og sjokoladekaka eg kjøpte (kake er heller ikkje snop) smakte berre vanilje.. snakk om lureri!

Hadde med meg Ayla littegranne, berre, for det var trongt og folksomt ei stund og ein drøss med små terrierar. Ayla helste på Liv Karin for første gong, og me klikka oss bort til henne med laust band. Gjekk kjempefint.

Då ho såg Arnfinn, gjekk ho mest ut av sitt gode skinn, og leita fælt i hendene hans etter godbitar.. Ho visste godt kven han var, ja!
Me sat like ved ringen, og Ayla slappa godt av. Såpass at ho la seg strekk ut og forlangte kos på magen! Det er godt å sjå at ho kan slappe av sjølv om der er masse liv rundt henne.

Shaylee gjekk med ein skjønn liten gut i Barn og Hund, og dei fekk pokal og bok og førstepremie.

Ved ringen sat der nokre folk med Cairnterrierar, og desse terrierane var i tottane på kvarandre heile tida. Den eine fauk på Shaylee mens ho var i ringen med han skjønne guten, og etter det hadde ikkjs Shaylee så veldig lyst til å nærme seg den sida av ringen igjen.

Då Anne Karin skulle gå med henne, greide Shaylee å bakke ut av bandet og sprang rett til Liv Karin. Korleis skal ein trene på slikt?

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar