torsdag, april 22, 2010

Første praksiskveld på kvalpekurs - ein og ein.

I kveld var det tid for første praksiskveld på kvalpekurset me går hos Siddis Hundeskole. Instruktørar er Karin og Anna. Opplegget hjå Siddis er slik at første praksiskveld møter ein og ein ekvipasje opp go får ein heilt time åleine med instruktør som går gjennom nokre punkter alle bør kunne før fellestrening..

Me har jo starta så smått med trening allerede, men har ikkje gjort veldig mykje av noko av det. Litt sittetrening, litt sitt og bli, bittelitt omvendtlokking/doggie zen, innkalling, og såvidt littegranne dekk.
På praksiskvelden i kveld skulle me vise kontakt, gå baklengs med kontakt, sitt, sitt og bli, komme og sitte, oppsøke kontakt, ro i buret, kontaktlyd, og sikkert litt til som eg ikkje husker.

Då Emil kom ut av bilen, tok eg han med bort på ein plen for å sjå om han skulle tisse. Eg merker at han er berørt av nytt miljø, så der har eg absolutt ein jobb å gjera. Eg trur ikkje det skal meir til enn at han får vera med i bilen og så stopper me på ulike plasser, går ut av bilen og er der til han slapper av og mestrer miljøet.

I alle fall, i løpet av den timen forsøkte eg å notere meg nokre punkter bak øyra:
  • belønne ved venstre kne når me går baklengs
  • belønne med større iver for å få få betre humør og spenst hjå Emil (eg NEKTER å bruke ordet attityd, for me har ikkje det ordet på norsk!)
  • avansere raskare i treningen enn eg har tendens til på eiga hand
  • auke kriteriene når me går baklengs
  • frisignal
  • trene fram kontaktlyden 
  • ha ein plan for kva eg skal gjera dersom han får ein fryktreaksjon (det kom eit par hestar gåande på fortauet, på andre sida av vegen, og då blei han redd og busta og bjeffa og ville gøyme seg) 
  • ta han med forskjellige plasser og leke litt og få han til å slappe av
  • jobbe med innkalling
  • gjere han tyngre i baken, for han har lett for å sprette opp på to etter klikket

Då me kom heim, fekk han seg ei HIMLA raptusøkt, og var omtrent ikkje å få roa før me måtte legge oss. Han måtte ut og tisse heile tida, og valsa berre rundt i stova med stivt blikk og munnen åpen med tunga hengande ut. Og så brått kunne han få springerier (springe rier) som nesten føregjekk oppetter veggen.
Om det var treninga eller litt for mykje leik med Ayla som gjorde det, veit eg ikkje. Dei plar ikkje får herje vilt, men eg var skikkelig trøtt og sliten etter kurset i går, og det var Vetle også pga han hadde pakka og organisert øskjer frå me gjekk og til me kom heim. Dermed fekk dei halde på litt for lenge.
Det var nok ein kombinasjon, tenkjer eg.

2 kommentarer:

  1. Oh! Jeg hadde ikke fått med meg at du hadde fått deg valp! Gratulerer så mye, nydelig liten sak :)
    Skal passe på å titte innom her litt oftere for å følge dere!

    SvarSlett
  2. Takk for det! :-) Jo, han er en skjønnas på fire bein, han er det :-)

    SvarSlett