torsdag, april 29, 2010

Besøk og sosialisering og andre praksiskveld på kvalpekurs

Me er aktive om dagane, og det blir ikkje mykje overskudd til flytteplanar og pakking. I helgene går det greit å få lade batteriene, men i vekene når me er på jobb, krever Emil mykje oppmerksomhet og tålmodighet frå oss tobeinte.
Han er veldig veldig flink til å vera heime mens me er på jobb, og no går eg på jobb klokka sju, kjem heim og mater og lufter han klokka tolv sånn cirka, og så kjem eg som regel heim for godt frå jobb rett over halv tre. Fem timar klarer han litle krabaten å halde seg tørr på dagtid, og åtte på nattestid. På kveldane må han av og til ut og tisse mange gonger i timen, men i det store og det heile er han veldig god på å halde seg.

Me har så smått starta med ligg-trening. Han tipper, som eg har nevnt tidlegare, lett over i frustrasjonslydar når ting ikkje skjer fort nok, så eg må halde klikkertommelen beint på klikkeren for å ikkje forsterke lydane han kjem med.

Ellers har me vore på besøk hjå Carita og Oliver, og nok ein gong erfarte eg kor roleg kvalp han er. Sjølv om Oliver protesterte på urettferdigheten det var å ikkje få leike inne, sat Emil berre og kikka roleg på han. Når Oliver blei geleida inn og ut av time-out, var det berre undring og ro å augne hjå Emil. Flinke hunden min!! :-) Det betyr mykje for meg å få behalde håpet om ein roleg hund som kan vera med på besøk uten å mase og kave.
Forrige gong Oliver og Emil møttes, var dei like store, men ikkje no lenger. Var forresten innom dyrlegen for å vege Emil, og 14 veker gamal vog han 13,9 kilo. Store guten! :-)



Då begge hundane hadde roa seg, tok me oss ein tur ut i kulda og blåsten. Gjekk opp til eit jorde der først Oliver fekk springe frå seg, og så slapp eg Emil også. Og det var kjekt!!! Dei sprang og herja og byta på å ligge underst og øverst og sprang litt til. Det var vått i graset, så Oliver stakkar såg litt pjusken ut etterpå :-) Emil blei god og sliten, og fekk legge seg i bilen då me kom tilbake. Ein kjekk og koselig kveld for både Emil og eg. :-)

Onsdag var det tid for kvalpekurs igjen, og eg var så heldig at eg klarte å overbevise Vetle om at det ville bli veldig kjekt for han hvis han tok med seg kameraet og blei med på kurs. :-D
Og så lokka eg med å gå på "vindusshopping" etter spisestuemøbler på Bohus etterpå ;-)

Me parkerte bilen i same sekund som klokka slo halv seks. Eg sprang inn for orientering, og då me skulle ha hundane ut or bilen, skulle me trene burtrening. Det inneber å belønne hunden for ro i buret mens me åpner døra. Emil må ha fått belønning for slikt i heile sitt forrige liv, han, for når eg åpner døra, strekker han seg, og ligg eller sit og ser på meg med logrande hale. Ikkje før eg går til sides for døråpninga eller legg ein godbit utanfor buret kjem han ut. Og sjølv då har han siiiiirup i bevegelsane sine. Han har då all verdens tid! :-)
Så derfor tar me burtreninga på vårt eige vis, me.. Han blir gjerne med ut og trener, men går like villig inn i bilen igjen.

Programmet var som følger: Kontakt, kvalpeslepp, rotrening, kontakt, kontakt baklens gange, innkalling, kontakt baklengs gange. Emil konsentrerte seg finfint sjølv om det var hundar som bjeffa og masse folk og masse hundar.
På kvalpesleppet hadde han hanekam frå panna til halvveis utpå halen då han helst på ein av kvalpane. For når han buster, så er det faktisk berre ei tynn tynn stripe pels midt på ryggen som står opp. Han ser litt komisk ut :-)

Det blei mange bilete frå kurset, men dei kjem i eige innlegg med kommentarer :-)



Når det gjeld spisebord, fant me dette som me likte veldig godt

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar