Ayla har vore på kennel på Randaberg Dyrepensjonat, og me har vore i Aberdeen i lag med svigermor.
Turen vår i korte trekk: Shopping i Aberdeen, totimars togtur til Inverness som tok fire timar pga snø, værfast i Inverness over natta, busstur til Perth for så å ta toget opp til Aberdeen, og så heim igjen. Det siste døgnet var ganske stressande og strabasiøst, og me var ei stund usikre på om me ville nå flyet heim igjen på torsdagen. Eg kyssa ikkje akkurat bakken då me landa på Sola, men det var ikkje langt derifrå. :-)
Då me kom køyrande inn på gårdsplassen her heime, stod Olaug og Emil og venta på oss. Eg hadde bestemt oss for å ikkje helse overivrig på Emil. Det var vanskelig å overhalde, men me klarte det med knapp margin.
Ayla hadde blitt betre i foten under kennelopphaldet, så me er håpefulle til at den skal bli bra igjen.
I dag har Emil fått seg sin aller første tur til sjøen. Det syns han var heilt strålande kjekt, og sjølv om det bevegelige vatnet var uforutsigbart, var det veldig spennande også. Han fekk gå og balansere på eit høgt steingjerde, og vasse i tang. Ca halvveis syns han det blei litt mykje, og starta å hoppe opp på meg. Då sette me oss ned i graset og tok ein liten pause der han fekk ligge og tygge på nokre tørre grasstrå. Etter tre-fire minutter var han klar for å utforske meir, og me rusla oss heim igjen.
Då me kom inn, leika han litt med Ayla før han sovna.
FINE Emil han blir nok ein storsjarmør han! Og kjekt å høyra at Ayla er betre i foten sin:)
SvarSlettEg er veldig spent på korleis han kjem til å bli som vaksen, men blir han noko i nærleiken av slik han er nå, kjem han til å bli gullgod! :-)
SvarSlettDet einaste eg merker at eg bekymrer meg litt over, er matgalskapen hans. Han er heilt på styr! :-)
Og ja, det er herleg å sjå at ho haltar mindre... Eg vil jo helst behalde henne så lenge som mogleg, sjølv om eg jo veit at ho ikkje blir gamal..
Skjønar godt du vil behalde henne så lenge som mogleg, hundane skal jo leva evig dei!
SvarSlett