tirsdag, april 27, 2010

14 veker og personligheten veks fram.

Emil er nå 14 veker, og me forsøker å fylle dagane med meiningsfullt innhald.
I går fekk han bli med på rallytrening med det formål at eg skulle begynne å trene med han mens dei andre hadde hundane sine ute. Me var på ein ny plass, nemlig parkeringsplassen utanfor Oljedirektoratet på Ullandhaug, og der var det kjekt! Masse god plass, heilt for oss sjølv, og med muligheten for å gå tur i Sørmarka etterpå.

Emil fekk bli med og sette opp skilta og helste på alle som hadde møtt opp. Han har ikkje endra måten å helse på; det er framleis "hei hei" og så ferdig. Då banen var nesten ferdig, merka eg at Emil blei litt kjapp i rørslene sine og litt sånn fandeinvoldsk i blikket, så då fekk han hoppe inn i bilen igjen og kvile seg.

Ei stund seinare henta eg han ut og starta å trene litt kontakt. Han konsentrerte seg fint, og me fekk trent litt sitt og bli, følge etter bakover og så gjekk eg bort i skogen for å sjå om han skulle tisse. Det skulle han ikkje.

Like etterpå fekk eg god hjelp i oppryddinga og så køyrde me heimover.

På veg heim såg eg ein liten kvalp saman med ei ti-tolv år gamal jente utanfor ein butikk. Ei anna jente hadde kome bort og stod og klappa kvalpen som viste på alle vis at dette var driiiitskummelt ved å krype og logre med halen mellom beina, slikke seg febrilsk rundt munnen, og til slutt legge seg ned på bakken mens begge jentene bøyde seg over kvalpen og klappa og koste. Kommunikasjonsproblemer er triste saker.. :-(

I dag har eg hatt fri frå jobb, og då Emil blei litt vel "ållstren", som me seier, rusla me oss bort til Vistnestunet ein tur. Der var det ein skuleklasse på besøk. Og dei gjekk i andre klasse, fortelde dei. Emil takla dei heilt eksemplarisk, og det var ikkje før heilt på slutten at han blei rask i rørslene og då rusla me derifrå. Måtte først snuse på ei død kalkun, men så var det heim for litt lunsj.

Vel heime sov han ei stund før me skulle trene litt. Det er jo første felles praksiskveld i morgon, og me hadde litt lekse frå forrige onsdag. Først trente me litt sitt med begynnande stimuluskontroll før eg ville forsøke å få han til å legge seg, og sat i sofaen og trente på sitt. Me har prøvd dette litt dann og vann, og han veit at det kan lønne seg å gjere noko anna enn å sitte. Då eg drøyde klikket i påvente av at han skulle legge seg, begynte han å krafse på føtene mine mens han bjeffa med HØGE skingrande bjeff. Dei skjærer verkeleg i øyrene, og det held hardt å ikkje reagere på det.
Til slutt tok han teikninga, og eg fekk maaaaange finne nedliggar av han. Me bevegde oss ut på golvet, og fortsatte der. Då eg skulle avslutte treninga og ville sette meg i sofaen, gjekk han etter meg og tilbaud meir ligg. Eg hadde jo bestemt meg for å avslutte treninga, og dermed kom bjeffinga igjen.

Han tippar med andre ord lett over i lyd, og det er eg ikkje heilt sikker på korleis eg skal gripe an. Eg har vore veldig bortskjemt med Ayla ..(Joey var ille då han var ung, litt betre som vaksen, og heilt taus som gamal)

Seinare i kveld har me tenkt oss ein tur til Carita og Oliver på besøk, så nå ligg Emil og lader opp til det...CIMG4582Stolpen på senga har fått gjennomgå 

 


CIMG4593

Metallskåla er ikkje farlig, syns Emil, og han foretrekker å passe på den sjølv
i tilfelle det skulle dukke opp mat i den.
 CIMG4586

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar