lørdag, april 03, 2010

Sosialisering med NRH gjengen, og Emil sin aller første skogstur.

I dag morges kjørte Emil og eg ned til Vigreskogen for å snylte litt på NRH gjengen som skulle trene der. Eg veit at dei er flinke med kvalpar, og at det er mange menn som trener i NRH, så då er ikkje eg snauare enn at eg reiser eit stykke for å sosialisere Emil.

Tidlegare har ikkje Emil likt særleg godt å køyre i min bil, men i dag tok eg ut dyna or buret som står i Vetle sin bil - og la den i min bil. Dermed fekk Emil meir støtte til å ligge godt, og resultatet var to sekunder med piping og så sovna han. Det tar ca 50 minutter å køyre til Vigreskogen, og då eg kom ned dit, sov han djupt.

Eg fekk ikkje tatt bilete, men det var ein god gjeng med folk som helste gullfint på Emil, og på eit tidspunkt kom ein mann ut or skogen åleine (han hadde lagt spor). Eg var litt usikker på korleis Emil skulle takle det, men han sprang rett bort til mannen og helste med logrande hale.

Det eg observerer når Emil helser, er at han meir enn gjerne går bort for å seie hei, men han mister ganske fort interessa når den han helser på ikkje har noko veldig kjekt eller godt. Og akkurat det merker eg er heilt greit for meg. Han treng ikkje vera overbegeistra og vill. :-)

Etter førti minutter skulle gjengen begynne å trene eigne hundar, så Emil og eg tutla oss heimover..

Vel heime fekk Emil for første gong vera på rommet sitt i lag med Ayla medan eg og Vetle handla. Ein gong må jo vera den første. Han sov som ein stein då me kom heim :-)

Etter mat og sov og avslapping, fekk han bli med ned i skogen for aller første gong. Han storkoste seg!!


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar