lørdag, april 17, 2010

Miljøtrening, sosialisering og kvalpekurs

Sidan sist innlegg har me starta kvalpekurs hos Siddis Hundeskole, der instruktørar er Karin og Anna. Me er åtte deltakarar, der hundane er: islandsk fårehund, portugisisk vannhund, grand danois, golden retriever, jaktlabrador (Emil), shetland sheepdog, BC/islandsk fårehund mix, og ein pinscher. Første kvelden, som var på tirsdag, var teori, så me har ikkje truffe kvalpane endå. Onsdag som kjem skal me ha privattime, og veka etter det igjen, då skal me ha med alle hundane. Det blir kjekt! :-)

Her ein dag tok me med oss Emil til Mosvatnet, og planen var å gå eit lite stykke langs stien og så snu igjen for å sjå korleis han takla så mykje som skjedde på same tida. Det viste seg at han faktisk ER så fantastisk som det ser ut til, for han reagerte ikkje på syklarar eller joggarar eller barnevogner eller forbipasserande.



Det kom ein liten kar som hadde så lyst til å helse, og stod som biletet viser i stramt band. Det gjorde ikkje Emil. Eg syns framleis det er litt irriterande at folk lar hundane sine komme bort til oss, når dei SER at me har fått vekk frå stien. Det er ikkje så krise med Emil, men Ayla kunne glatt reagert i denne situasjonen



Bak han joggaren står Emil og eg.


Ein kveld denne veka var me dessutan ned ved stranda ei lita stund. Han fota seg betre over dei runde steinane denne gongen, og då eg sette meg ned på ein svær og nesten flat stein, gjekk det ikkje lange stunda før han kom og la seg.




I dag hadde me avtalt med Karin om å komme der dei trenar spor, sånn at Emil kunne få helse på Trofast. Sånn ca 11:00 var me der, og først fekk han helst på alle som var der. Så slapp Karin Trofast ut av bilen, og han vaaaar vel skummel. I allefall ei lita stund. Så snart Trofast flytta fokuset vekk frå Emil, og då snudde Emil seg sporenstraks for og snuse


Etter møtet med Trofast, tok me turen til Ålgård og Olaug med familie. Emil fant seg til ro med ein gong.



Tidlegare i veka var me oppe og helste på hesten. Den var skuuuummelt! :-)





Det har imidlertid dukka opp eit problem. Eit luksusproblem, men like fullt eit problem.
Sidan han er så flink til å halde seg tørr inne på romet, har eg dei to siste dagane reist heim berre ein gong i løpet av arbeidsdagen. Det betyr at han sover mykje, og er opplagt og klar for det meste når eg kjem heim.
Dette igjen resulterer i mykje leiking og herjing mellom Ayla og Emil:

3 kommentarer:

  1. Så kjekt du har begynt på kurs. Og jeg tror det er India (Pinscher) som går der med deg (Jens og Christine?) Trofast er jo en godgutt og Karin går jo jeg på kurs hos nå - har sagt det før - og igjen - Emil er en heldig liten tass!

    SvarSlett
  2. Ah, er det India? Henne har eg jo lest om :-) Blir spennende på onsdag om halvanna veke å treffe alle hundane :-)

    Ja, Trofast var så absolutt ein godgutt. Og akkurat slik var Joey også.. Snill og uendelig tålmodig med kvalpar..
    Ayla er jo snill, ho også, men ikkje fullt så tålmodig ;-) Ho lar han ikkje sleppe unna med kva som helst, og det er HEILT greit :-)

    Ja, kanskje Emil er heldig? Men me er jammen heldige, me også, som har fått ein så rolig og behagelig hund.. :-)

    SvarSlett
  3. Denne kommentaren har blitt fjernet av forfatteren.

    SvarSlett