I dag var det tid for å treffe Apollo igjen. Det er to veker sidan sist, og både Emil og Apollo har vokst godt sidan då. I dag var det me som reiste til Apollo, og gjekk langs stronda eit lite stykke før me snudde. Emil er ganske høglydt og intens i leikeslåssinga, og me måtte skilje dei to nokre gonger. Det er berre to dagar mellom dei, så dei er nokså likt komne i utviklinga. Eg vil berre ikkje at han skal tippe så veldig over til stress når han leiker med andre hundar.
På veg tilbake traff med onkelen til Apollo. Ein skikkelig "Gentle Giant" som syns Emil var utruleg spennande! Eg frykta reaksjonen til Emil, men han sprang berre rett bort til den vaksne hunden! Det var bittelitt småskummelt, men veldig spennande også :-) Kan tru eg blei letta!!!
Seinare på dagen hadde me avtalt å møte Marit og Punky og Vicky bak Sandnes Uldvarefabrikk slik at Emil skulle få treffe ein snill voksen hund. Eg fekk jo så panikk etter den litle chihuahuaen oppe i sentrum, og den store newfoundlandshunden han blei så skrekkslagen av utforbi veterinæren på tirsdag.
Eg lar dei neste bildene tale for seg.. Han storkoste seg!!
Dagen blei avslutta i litt tidleg bursdaglag hjå Olaug som har bursdag i morgon.
Herlig!
SvarSlettJa, det var nydelig å se hvordan han reagerte.. Jeg var jo så sikker på at han skulle være vettskremt! Han var ikke helt ubekymret, som det nest siste bilde viser. Men jeg hadde ærlig talt halvt ventet at han skulle stikke avgårde med halen mellom bena og at han ville trenge veeeeldig gradvis tilvenning, så dette var en god overraskelse :-)
SvarSlett