tirsdag, april 06, 2010

Kva er det som gjer eit kurs til eit godt kurs? Eller eit dårleg kurs?

Eg har vore på ein god del kurs no etterkvart, og med det i tankane at eg også ein dag hadde draumar om å bli instruktør, har eg forsøkt å legge merke til korleis kurset blir haldt.

Pausar.
Utanlandske instruktørar er 100% flinkare enn norske til å overhalde tider for pause og avslutningar.
Den gong då eg framleis røykte, var det veldig viktig å få pause med jevne mellomrom. Dersom det drog ut fem-ti minutter, blei eg rastlaus og uroleg og fekk ikkje med meg kva som blei sagt. Eg sat berre og tenkte på at me snart måtte få pause.

I dag røyker eg ikkje lenger, men eg tenker framleis at me snart må få pause når eg er på kurs og seminarer.
 Når det gjeld teoridelen av kurs, er det viktig med pausar for dei som skal motta lærdom. Det er ikkje like viktig for dei som skal gi lærdomen, har eg erfart. Kva minner dette meg om? Jo, hundane. Når det gjeld hundane seier SAMTLIGE instruktørar at det er viktig med korte økter og pausar. Me er ikkje veldig mykje annleis der, me menneske. Me treng også korte økter og pausar. Der synder både eg og alle andre instruktørar eg har gått kurs for.

Fokuspunkt
Ein annan feil eg har opplevd frå alle instruktørar eg har vore på kurs med, er at dei er flinke til å fokusere på det deltakarane ikkje skal gjera. "Ikkje straff hunden." , "Ikkje klikk før hunden har begge albuane i bakken.", "Ikkje snakk før du klikker", "Ikkje trykk på rumpa til hunden for å få den til å sitje."
Ikkje ikkje ikkje.

Hjernen vår er skapt slik at den overser alle "ikkje" "nei" "aldri" og andre slike ord. Dei som hjernevaskar folk, kan dette ut og inn. Dei utelater heilt desse orda når dei skal snu tankegongen til ofra sine.

Det som er instruktøren si oppgåve når det gjeld fokuspunkt, er å formulere setningen på ein slik måte at deltakaren får med seg poenget. Denne setninga skal gjentas inni hovudet til deltakaren om og om igjen, og då er det særs viktig at dei orda som kvernar om og om igjen inni der er korrekte og konsise.

Direkte oversatt blir det då:
Ikkje straff hunden - Belønn det du vil ha meir av.
Ikkje klikk før hunden har begge albuane i bakken - Klikk i same sekund som albuane treffer bakken
Ikkje snakk før du klikker - Ti stille
Ikkje trykk på rumpa til hunden for å få den til å sitje - La hunden tilby sitt av seg sjølv

Dette med å IKKJE gjera noko er svært lite informativt. Tenk deg ein situasjon der ein instruktør skal lære deg  å hoppe opp og ned foran ein stol og seier at du ikkje skal setje deg på stolen. Kva slags informasjon gir det?

Dødtid
På eit kurs med mykje dødtid kjedar eg meg. Og når eg kjedar meg, finn eg på andre ting for å IKKJE kjede meg. Som å snakke med dei andre deltakarane om heilt andre ting enn det som føregår på kurset. Eller eg kan  sitje og teikne eller skrive songtekstar,  eller sende meldingar til Vetle på mobilen. Eg lærer i alle fall ingenting. Når kurset er ferdig, har eg ikkje lyst til å anbefale andre å delta ved eit seinare høve.

Kursbeskrivelsen stemmer ikkje overens med innhaldet 
Dersom kursbeskrivelsen seier at det og det skal gjennomgås, så skal det gjennomgås. Dersom eg blir lova at eg skal lære å lage pizza, så er ikkje eg nøgd med kurset om eg berre lærer å lage botnen.

Klokkeslett
Dersom kurskvelden skal starte klokka 19:00, og ikkje alle deltakarane er komne, er det ikkje rettferdig for dei som var der klokka sju å måtte vente på etternølarane. Sjølv om det er høflig av instruktøren å vente på dei som er forsinka, så blir på eit vis dei andre straffa for å kome tidsnok. På slutten av kurskvelden blir ofte alle saman straffa ved at kurset ikkje slutter når det skal pga at det kom seint i gong.

Å jobbe i grupper
Dersom kurset er lagt opp slik at deltakarane skal jobbe i grupper, syns eg det er eit dårleg kurs dersom deltakarane sjølv må vera ansvarlige for å danne desse gruppene. Det vil alltid vera ein og annan som ikkje er blant dei mest utadvendte, og som ender opp åleine eller som føler seg påtrengjande og teit. Sjølv eg som ER utadvendt er ikkje blant dei personane som får meg til å spørje ein vilt framand om me skal vera på gruppe. Mi erfaring er dessutan at det ikkje er få som har valgt å få seg hund fordi det då er enklare å få kontakt med andre. Med eit slikt utgangspunkt i tankane er det heilt urimeleg å legge over på deltakarane det ansvaret det er å sjølv sørge for gruppedanning.

På hundekurs er det altfor lettvint å setje saman to deltakarar som kjenner kvarandre frå før og der hundane er vane med å leike med kvarandre. Dette gjer det vanskeligare for både folka og hundane. Folk lærer ofte meir når dei samarbeider med nokon som ikkje nødvendigvis har same utfordringane som dei sjølve.

Klare instruksjonar
Eg likar ikkje å delta på eit kurs der eg ikkje veit til ei kvar tid kva som skal skje. Dersom instruktøren brått slutter å snakke og deltakarane summar for seg sjølv, ynskjer eg å vite om me har pause nå, eller om instruktøren har gitt ei oppgåve som ikkje eg har fått med meg.

Oppfølging
Dersom eg får beskjed om å jobbe med noko til neste kurskveld, og ingen sjekker korleis eg har løyst oppgåva når neste kurskveld er der, mister eg litt av motivasjonen med å gjera leksa til neste gong. Eg vil ha den gode kjensla med å fortelje at me fekk det til, og eg vil sleppe ansvaret med å ta initiativet til hjelp dersom eg ikkje fekk det til. Eit lite "Korleis gjekk det med leksa?" er nok.

Når alt dette er sagt, er ingen perfekte. Det skadar aldri å undre over korleis ein kan forbetre seg. Og "til lags åt alle kan ingen gjera", men ein kan alltids gjera eit forsøk :-)

6 kommentarer:

  1. Veldig bra oppsummert - og du er ikke alene om å ha det slik - det er bare de færreste av oss som faktisk bryter det opp slik og tenker gjennom det like strukturert. Ofte sitter du bare igjen med en følelse av at du hadde lite utbytte fra det du nettopp var med på! Skal bli kjekt hvis jeg får anledning til å komme på et kurs med deg en gang i framtiden ;-)

    Emil ser kjempeflott ut - og har vokst mye! Med det grunnlaget du gir han kan han jo ikke annet enn bli en storsjarmør. Jeg leste at du fikk litt hjerteklapp da det kom en mann gående alene ut av skogen på NRH samlingen. Det har aldri falt meg inn at hunder skal synes det er skummelt - ihvertfall ikke i et område hvor det allerede er mange mennesker, og heldigvis har ikke Cora reagert på det heller. Men jo mer jeg følger Emil bloggingen, jo mer tenker jeg at det er jammen enda mer jeg burde ha husket å gjøre for ett år siden! Ja, ja vi lærer hele tiden, og kanskje vi har vært "heldige" heller enn dyktige med tuppa vår - så får vi ta med oss kunnskapen og gjøre det bedre og grundigere til neste gang!

    SvarSlett
  2. Den mannen som kom fra skogen, at Emil ikkje reagerte på han - er sikkert heilt normalt. Cora er sikkert også heilt normal i så måte.
    Men eg har levd med Ayla i fire og eit halvt år, og har nesten gløymt kva som er normalt. Ayla ville nemlig ikkje ha takla at det kom EIN mann ut frå skogen. Då hadde ho brølt og sprunge mot han. Så når eg bemerker ting ved Emil som andre ikkje har tenkt over, så er det ikkje fordi eg er så himla klok, men fordi eg har erfaring som tilseier at ikkje ALLE hundar reagerer slik eller sånn :-)

    Etter at Emil har blitt voksen, kjem nok eg også til å tenke at eg heller skulle gjort slik eller sånn, men me lærer jo så lenge me lever :-)
    Og ja, han har vokst! Då eg henta han var han rett over fem kilo, og i dag då han blei vaksinert igjen, var han 10,25!! Og det er berre tre og ei halv veke sidan eg henta han heim!! :-)

    SvarSlett
  3. Ja, ja men allikevel, man vet jo ikke om det er noe man må begynne å trene vekk - hvis det er noe du vet om KAN bli et problem, så greit at du har lært å være føre var.

    Dobla vekta på 3,5 uker!!! Det var ikke ille - hvor tunge blir egentlig en labrador 25-30 kg? Han må vel nesten vokse så fort for å "rekke" det :-)

    SvarSlett
  4. Veldig godt skrevet!! Har selv deltatt på kurs som ble noe helt annet enn det vi ble forespeilet og individuell oppfølging overhode ikke var tilstede.

    Emil var en vakker gutt:) som virker veldig trygg, godt:)
    Lykke til med treningen:)

    SvarSlett
  5. Hei igjen:) Jeg fant deg på en annen hundeblogg....men kommer ikke på hos hvem:) Satt og surfet rundt...
    fortsatt god dag til deg og hundene:)

    SvarSlett
  6. Enig med de andre her Kari Anne. Bra skrevet! Personlig så skulle jeg ønske kursdeltakere var flinkere med å gi sånne tilbakemeldinger - i alle fall når man spør ;)
    Jeg ønsker alltid å forbedre meg - og nå har jeg fått mange tips. Ting jeg nok vet om fra før, men det er likevel så lett å "gå seg vill" og "surre rundt i sin egen verden". Så tusen takk. Skal skjerpe meg :))

    SvarSlett