I dag hadde eg fått tips om at det skulle vera lydighetsstevne på Åsen. Siv og Kry skulle gå konkurranse nemlig, så då kunne eg slå tre fluer i ein smekk: sosialisering, miljøtrening og helse på Siv som eg ikkje har sett på altfor lenge :-)
Då eg kom dit kvart på elleve, kom Nina bort og helste på Emil. Ho har sjølv jaktlabrador som ho trener opp til å bli redningshund, og dermed fekk eg MASSE kjekk input om jaktlabrador :-) Det satte eg utrulig stor pris på, og det var kjempekjekt å få så masse skrøyt av Emilgutten :-) Han helste fint og ivrig på alle som ville helse på han, og ellers forholdt han seg rolig og observerande. Etter halvannan time ved sida av ringen, gjekk eg bort til agilityhindera. Der blei han veldig interessert i tunellen, og rusla seg innover:
Etterpå fekk han seg ein pause i bilen, og det trengte han, for han fekk raptusfakter på veg bort :-)
Då eg henta han igjen, var han rolig og fin igjen, og me gjekk rett inn på området. Eg hadde med meg ein liten trebeint stol denne gongen, og sette meg i den. Emil sat eller låg og kikka på alle hundane som gjekk forbi oss og trente bak oss og lekte med eigarane sine. Ingen tendenser til å springe vekk frå meg og bort til dei andre, berre rolige rørsler og avslappa kropp.
På eit tidspunkt dukka det opp tankar om dette eigentleg var stress, for då også kan hundar oppføre seg slik - med det resultat at eigarane er strålande fornøydde uten å ane at hunden ligg og har det heilt grusomt stressande.
Men han tok godbitar med same laushet i munnen som heime, og øyrene framover mot det han kikka på. Samtidig
Rundt banen sat det folk og kikka på, og sjølv om det har gått nokre år sidan eg var noko særleg deltakande i lydighetsmiljøet på Åsen, såg det dessverre ikkje ut til at ting hadde endra seg. Hundar blei løfta etter nakkeskinnet, rista, kløpe i øyra, knøvla, slått på snuten, kjefta på og brølt til. Ei av dei eg sat og observerte, sat og strøyk hunden over pelsen og det såg riktig så idyllisk ut. Brått klapsa ho til hunden heilt utan at eg kan fatte og begripe kvifor.
Eg syns det er så utrulig trist, men innser vel at eg like greit kan venne Emil til at folk rundt oss KAN komme til å vera ugreie med hundane sine. Ayla syns ikkje det er kult når andre hundar blir knøvla, og Joey som var trent slik heilt i byrjinga, han datt heilt saman når nokon andre kjefta på hunden sin. Slik har eg ikkje lyst til at Emil skal reagere, så eg får vel frekventere desse miljøa igjen..
Og dei som ikkje var så kule med hundane sine, hadde også hundar som dempa HEILE tida inne i ringen.
Bortsett frå dette, var dagen heilt strålande med fint og mildt vær, eksemplarisk Emil, koselige samtalar, og ekstra koselig gjensyn med Siv og Kry:
Så flink lillegutt er. :-) Må nok si meg enig i observasjonene dine på banen der oppe, dessverre - og flere med meg. ve om noen som faktisk ble truet av eier da hun sa fra om hans oppførsel mot hunden :O!!! - for han mente han ikke hadde agressiv oppførsel (sier jo sitt da!)men vi får bare gjøre det vi føler er best, så kommer de vel etter...
SvarSlettSkulle kanskje fått til en liten tur før dere flytter? Er vel et par uker igjen baåde av det og av soialiseringsperioden?
Eg er jo så naiv at eg trudde hundeeigarar flest hadde kome lenger enn neandertalertida, men tydeligvis ikkje. Leste ein plass at den tradisjonelle treningsmåten er på full marsj tilbake etter at Cæsar Millan kom på TV.
SvarSlettJa, må få til et eller anna før me flytter.. :-)
Så kult bilde av Kry! Veldig koselig å treffe dere igjen, gleder meg til vi kan trene :)
SvarSlettSendte deg en mail på kanover@live.no, jeg :-)
SvarSlettSå flinke dere er. Og så fine bilder, han ser veldig fin og avslappa ut.
SvarSlettOG det er trist at det fremdeles er slik rundt lydighetsringene, sliter med det samme på min som din Joey hadde, ikke noe greit.