lørdag, april 10, 2010

Dramadronning.

Det skal det stå på gravsteinen min, har eg bestemt meg for. Alle som ser på den steinen skal vite at her ligg ei dramadronning. For eg er det. Eg tar kvart minste teikn til krise og klistrar det opp på veggen. Der maler eg ei svær ramme rundt det, og så plasserer eg eit forstørrelsesglas utpå, sånn at all skal kunne sjå kor stort dette teiknet er.

Jepp, det er meg, det.

I går då me var oppe i sentrum, såg me ein liten chihuahua på andre sida av gata, og den blei rasande då den såg Emil. Min litle kule svenske blei redd og busta og starta å hoppe opp på meg mens han klynka at han ville eg skulle bære han.
Ok, tenkte eg, det var starten på DET marerittet.
Eg sette i gong med krisemaksimeringa mi, og sendte mailar i hytt og dynevær. Takk, Gerd Marit, for tipset om Marit sin kvalp Vicky! :-)

I min fantasi (som det skal lite til for å setje i gong) såg eg føre meg månader med busting og klynking og redsler og angstar og forsiktig tilnærming og med eit resultat som ikkje eg i min villaste fantasi kom til å vera nøgd med. Å himmel og hav, tenkte eg, og hadde litt lyst til å gi opp.

Så stod eg opp i dag morges og var så tøff i trynet at eg tenkte at i dag skulle Emil og eg treffe minst EIN kjekk voksen hund. Bente var så grei at ho ga meg klarsignal til å komme og helse på Brutus, ein voksen bokserhann, så eg sette meg i bilen og køyrde avgårde. Sendte melding på vegen om at me kom. Nei, ho var på instruktørkurs, dessverre..

Det var som tusan, tenkte eg.. Kva nå? Jo, på Åsen er der jo eit område der hundane kan springe laus bak gjerder, og der tenkte eg at me kunne dra. Så kunne Emil og eg rusle på utsida av gjerdet i god nok avstand til alle hundane som sprang på innsida.
Då me kom dit, viste det seg at det var agilitystevne på SBK sitt område, og panikken tok meg litt igjen. Pulsen steig kjapt, og eg kjende meg skjelven og mo i knea. Kva om eg ødelegger Emil for all tid med å ta han ut av bilen her, tenkte eg, men bestemte meg for å gjer det likevel.
Eg parkerte bilen eit godt stykke vekke, og så rusla me mot agilityplassen. Hundar bjeffa, folk ropte, beskjedar kom frå høgtalaranlegget om at posen me alle har i lomma meir enn gjerne kan brukas til å plukke opp driten etter hundane våre.

Emil gjekk og snuste, og hoppa bare bittelitt. Eg stoppa opp og stod i ro, og så kom motet til han. Han rusla framforbi meg og snuste og koste seg og fekk godbit for kva minste teikn til blikkontakt med meg. Då me var 20 meter frå banen, stoppa eg opp og lot han få oppdage at det var hundar der borte. Dei var berre sånn måteleg interessante. Bjeffinga blei berre belønt med ein bitteliten vipp på øyra. Me sette oss ned eit par meter nærmare, og der sat me omtrent fem minutter før me gjekk tilbake til bilen, køyrde litt nærmare, og vågde oss bort på andre sida av banen.

Då Emil såg den første hunden, stoppa han opp, øyrene fram, halen slapt rett ned, og ingen bust. Så kikka han på meg og blei belønt for det, og så forsvant den andre hunden vekk. Då me var omtrent femten meter frå banen, sette eg meg ned på ein liten stein, og Emil kom og sette seg ved sida av meg for å sjå på dei andre hundane. Etterkvart la han seg ned der også, og etter kanskje tjue minutter begynte han å rusle rundt litt på eigahand.

Eg blei så glaaaaad! :-) Og så stolt av den litle sjarmøren vår! Og litt flau fordi eg heile tida overdramatiserer kvar minste ting.. Men men...

Då me kom heim, gjekk han rett og la seg til å sove, og då han vakna, tok me oss ein liten skogstur med kamera.

6 kommentarer:

  1. Takk for svar på innbildt innlegget:)

    Og eg må sei at med neste hund kjem eg nok til å bli dramadronning eg og, det er mykje eg ikkje tenkte over, med Embla som valp. Men som eg har ein tendens å sei: Jo meir eg lærer om hund jo meir bekymra blir eg:P

    Det vil som oftast gå godt, det er eg overbevist om.

    SvarSlett
  2. Uvitenhet er undervurdert, seier eg bare... :-)

    Du har heilt rett, det vil som oftast gå godt. Men eg med mine erfaringar veit at av og til gjer det ikkje det. ;-)

    SvarSlett
  3. Då Lara va omtrent på Emil sin alder, tok æ ho med på ei utstilling. Perfekt plass der ho kunne få se masse liv og røre, og andre hunda. Og kanskje hilse på nån snille hunda.
    Det heile starta dårlig med at ho blei angrepen av en Staffordshire Bull Terrier tispa. Ho hang sæ fast i leppa te Lara, som hylte som bærre valpa kain.

    Heldigvis fikk eiern tatt kontroll på dyret. Æ tok Lara rett bort te nån unga, der ho fikk masse positiv kos og gobita (uten å trøste).
    Ho fikk heldigvis åsså hilse på ei snill Staffordshire BT tispa samme dagen.
    Ho kunne blitt ganske prega negativt av dein opplevelsen, men Lara har aldri hatt problema med andre hunda, hves ikkje de starte bråk. Hves det skjer, virke det som om ho sætt de på plass (uten førr mykje styr). På aille måta virke ho som en harmonisk og sterk hund.

    Poenget mett e at valpa kain oppleve traumatiske teng, og alikavel vokse opp uten at det virke som det sette negative spor.

    Med din erfaring med Ayla, skjønne æ vældig godt redselen din førr at nokka ska skje med Emil. Og æ syns du gjør en utrolig flott jobb med å sikre at han får en bæst mulig start.
    Det viktigaste e likavæl å huske på at Emil og Ayla e helt førskjellige individa, og at forutsetningan førr korsen de takle negative opplevelsa også e førskjellig.

    Det e bærre ikkje ænkelt å tænke rasjonelt når ting skjer, og æ trur vi aille bi en smule drama queens i gitte situasjona... :)

    SvarSlett
  4. Eg syns sjølv eg klarer å huske at Emil og Ayla er forskjellige, for han har heilt andre reaksjonsmønster enn henne. Når han f.eks boffer på nåken, så går han bort og legger busta og boffen vekk og helser og logrer og syns det er kult.
    Ayla, derimot, kunne buste og bjeffe og vågde ikkje å gå bort.

    Han overkommer ting mens dei skjer, og eg kan formelig sjå at han veks på det. Seriøst,altså.. :-)

    I same augneblinken som eg ser han blir litt stressa eller trøtt, tar eg han ut av situasjonen og lar han få pause. Det gjorde eg nok ikkje med Ayla.

    Besøket ved agilitybanen i går gjorde meg mykje roligare :-) I allefall til neste gong dramadronninga dukker opp igjen.. ;-)

    Og ja, Lara ER harmonisk og sterk på alle måtar. Ein utrulig behagelig hund! <3

    SvarSlett
  5. Selv syntes jeg balansegangen: legge merke til en trend og ha denne i bakhodet VS. la den kverne
    er veldig vanskelig.

    Det er derimot et av MINE årsmål å ikke ta sorgene på forskudd :)

    Ser det ikke bare er jeg som legger igjen laaaange kommentarer :) Skal holde denne kort:

    Ringlets, 23 Mai :)

    SvarSlett
  6. Va kanskje litt toskåt skrevve, æ veit du veit de e forskjellige - æ meinte bærre at nivået på redselen din førr at nokka førferdelig ska skje - kanskje hæng igjæn fra opplevelsen du har hadd med Ayla. Og det synes æ e heilt naturlig.
    Og så uheldig ska du bærre ikkje være! Emil verke som en avbalansert kar, som takle skumle situasjona på en fin måte. Sjøl om han søke trygghet hos dæ, så avreagere han veldig bra.

    SvarSlett