tirsdag, april 20, 2010

Merkelig hoppeatferd 2

I dag var me oppe i sentrum igjen, med ein plan, denne gongen.
I stadenfor å stappe han full med godbitar kvar gong han overkom noko skummelt, skulle eg eg ikkje belønne det i det heile tatt.
Eg fekk nemlig to kloke mailar etter forrige innlegg om denne merkelige hoppeatferden til Emil, og begge sa omtrent det same: atferden blir tolka som usikkerhet/takler ikkje/for mykje/utilpass og andre liknande adjektiv. Tusen takk for mailar, Renate og Ghita! :-)

Tankane mine har gått på om dette er kvalpehopping eller om den har hatt ei meining. Kvalpar hopper jo, det er liksom bare slik kvalpar er. Men ein av mailane fekk meg til å fundere på om det er eg som starter atferden. Og av og til er det nok det, for den har ein tendens til å starte etter at eg har belønna noko eg trur han treng belønning for. Dermed begynte nokre av råda til Anne Lill Kvam å kverne oppi skolten på meg. Nemlig å kutte ut godbitane i denne typen trening. Berre la hunden konsentrere seg om opplevelsen og kjenslene sine, og ikkje nødvendigvis blande inn mat.
Ho meiner ikkje at ein ikkje skal bruke mat ved motbetinging, men denne hoppinga krev ikkje motbetinging. Berre tilvenning. Han treng erfaringar i å ferdas i sentrumsgater, og få opp sjølvtilliten sin. Det siste skal eg klare ved å lære han ting han kan meistre, få til, føle seg sikker på. Bl.a spor, lydighetsøvelsar, leik, o.s.v.






 Atferden begynner etter 33 sekunder, og eg kan ikkje for mitt bare liv sjå kva som starter det. Ikkje mister han halen, og han SER ikkje usikker eller utilpass ut.. Men likevel trur eg nok at det er det det er.

Her starter han med hoppinga, men leker fint på slutten av filmen.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar