mandag, april 19, 2010

Rutiner. Kjedeleg eller behageleg?

For meg er det både og, men når det gjeld ny kvalp er det alltid behagelig å komme inn i kvardagens rutiner.

Emil er veldig flink til å sei frå når han må tisse, og det gjer han ved å springe til døra og stille seg på dørkarmen. Problemet er at stova og gongen hjå oss er slik at me ikkje ser om han spring ut i gongen for å leite etter noko kjekt å tygge på, eller om han spring ut dit for å stille seg på dørkarmen. Fordi me er late, spretter me ikkje opp kvar gong han går ut i gongen, og dermed skjer det uhell inne.
Nokre gonger, dersom eg reiser meg for å sjå om han skal på do eller om han berre leitar etter ting, kan han stille seg opp og tisse på golvet. Men berre ein bitteliten pytt før han spring til dørkarmen.
Og det syns eg er så flott!! Kvifor? Fordi han ikkje er redd for å tisse inne mens eg ser på!!! :-)

Det er nok dei situasjonane MANGE meiner at kvalpen tisser av trass fordi den ser på eigaren sin og set seg ned og tisser. Det har eg fått høyre og lest om mange gonger, nemlig. Men uhella er få, og det er lang tid mellom dei. Når han må på do, spring han over steingjerdet i hagen og gjer frå seg på jordet. Kjekt :-) Og så kjem han pilande inn igjen når han er ferdig, så me treng ikkje alltid vera med han ut..

Om dagen, når eg er på jobb, er han og Ayla på hunderomet. Der står ho i buret så dei ikkje skal herje på henne avrive korsbånd, og eg køyrer heim i lunsjen for å mate og lufte han. Mating og lufting og tur-retur tar i overkant av 20 minutter. Han er så flink! Og det har til dags dato vore heilt tørt på golvet når eg kjem. Og han tisser leeeeeeenge når han kjem ut, og ser veldig trøtt ut, så eg er overbevist om at han ligg og søv til eg kjem.

Det er først når rutinane kjem på plass at ein merker kor stor omvelting det er å få kvalp.  For det er ikkje til å stikke under ein stol at det både er MYKJE arbeid, og STORE endringar i dei daglige rutinene i heimen.

Ayla hadde ein mykje meir tålmodig vaksen hund rundt seg enn det Emil har, men eg trur det er av det gode, for ho lar han ikkje gjer som han vil. Ho seier tydeleg frå om at han er teit når han bit henne hardt i øyra, eller når han er så frekk at han går bort til henne og prøver å ta frå henne skatten ho har funne på kommoden i gongen (Vetle sin hanske)





 Å legge seg på ryggen i skogen og sjå opp mot himmelen, det er luksus!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar