søndag, september 10, 2006

Orre NKK utstilling

Oy, for ein tidleg start på dagen! Opp klokka halv ti over sju, travel morgonfiks, kjapt stell, lynkjapp tissing med Joey, og så i bilen for å møte Olaug ved Åsedalen klokka ti på halv ni.

Anne Karin skulle nemleg i ringen klokka ni (!), så me måtte vera der tidleg.

Olaug hadde forsove seg, så ho køyrde ein annan veg og me var på Orre samtidig. Hundane oppførte seg som prakteksemplarer heilt til me kom inn i utstillingshallen. Då bjeffa Ayla på Aro, og hadde vondt for å roe seg igjen etterpå.
Så kom det ei dame og spurte meg om Ayla, så blei det bjeffing på dama også.

Me må trene på at folk kjem bort til oss, og ikkje berre at me går bort til folk!

Ute gjekk det betre. Bror hennar, Odin, kom med Livar. Odin hadde fått blodlus i Oltedal i juni, og hadde gått ned fem kilo. Pelsen var også matt og han var i det heile eit trist syn. Altså, han er ein flott hannhund, og han hadde vokst ganske mykje, men han var verkeleg matt i pelsen og tynn.

Ayla havna i bilen då det blei overskya, og eg fekk gått på litt bod-shopping. Kjøpte Olivers til Joey og skal prøve ein sekk av det. Kjøpte også eit digert bein til Ayla og to laaaaange oksemusklar (eg nekter å kalle det det eigentleg er, for eg noier skikkelig av at hundane ligg og tygg på akkurat DEN delen av oksen sin anatomi)...

Då me hadde sett og handla nok, drog me for å gå rundt Mosvatnet. Det endte opp med at me ikkje gjekk rundt det likevel. I staden tok me intens og konsekvent bandtrening. Me sette oss ned på nokre benker og trente ro-trening også. Ayla begynner å bli skikkelig flink til det nå, faktisk. Ho driv ikkje og tilbyr ting i hytt og pine, og klarer å roe seg greit.

Resten av dagen låg ho og sov, bortsett fra då me var ute på plenen og leika med ein øydelagd håndball. Trente litt fri-ved-foten då. Ho går jo som ei gudinne ved sida av meg så lenge ho veit ho kan få ballen! MAKS motivator, altså!



På kvelden sette eg meg ned med klikkertrenereksamen. Mesteparten er greit, men der er ei oppgave eg overhodet ikkje skjønar! Den irriterer meg grenselaust, altså!
Jaja... 18 dagar igjen til levering, men ein del av dei går vekk til bl.a bursdagsfeiring (min eigen), rydding til filmkveld, filmkveld, innkallingstrening på Ayla med forstyrrelsar (høns på Vistnestunet), avslapping. Då gjenstår eigentleg berre tre kveldar av dei atten, så eg har visst ikkje så god tid likevel. Ooops! :-)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar