lørdag, juni 24, 2006

24. juni. Tid for ettertanke (intern overskrift)


Våkna opp til overskya vær i dobbel betydning. Jippi..

Ayla hadde ikkje skrapa på døra då klokka var ti på halv ni, så då stod eg opp. Åt frokost, og gjekk for å lufte ein og ein hund. Ayla først. Trente fjas, ho gjekk på do, og så gjekk me heim igjen. Tok ut Joey og tok med pelsskrapa eg kjøpte i Oltedal.

Då kom Elna og to jenter køyrande, så eg slapp ikkje han laus. Elna kom gåande opp til oss, og Joey holdt på å gå ut av sitt gode skinn! Han skjønte nok at han skulle få ha Elna for seg sjølv i nokre salige minutter!
Camilla kom også opp, men då byrja Joey å bjeffe. Han drog merkeleg nok ikkje i bandet, berre bjeffa.. Rare hunden... Så ga han seg, og Elna og Camilla gjekk bort for å fjerne høymoler fra beite. Kosta ferdig, så fekk han også gå på do, og så gjekk eg for å byte hund igjen.

Eg tenkte nemlig at det ville vera ein ypperlig situasjon å trene anti-vokting på for Ayla, sidan dei var så langt vekke og var opptatt med andre ting.
Det første Ayla gjorde då ho såg folk, var sjølvsagt å bjeffe. Ein enkelt gong. Og så ein til. Men så var det stopp. Me gjekk nærmare og nærmare, og eg ba henne sitte og legge seg og sitte og legge seg, og ho blei VELDIG fokusert på meg.

Me jobba oss heilt opptil Elna og jentene, og eg spurte jentene om ein av dei var redd hund, men det var dei ikkje, så Ayla fekk gå og helse i slakt bånd. Den eine jenta la seg ned i graset, og Ayla rundslikka henne i ansiktet og stoooorkoste seg! Gjorde litt handtarget på den yngste jenta, og det syns både Ayla og jenta var stas.

Så gjekk me inn igjen og venta nokre minutt (hadde god tid, for det var myyykje høymole i graset der) før me gjekk ut igjen. Denne gongen hadde det kome til ei dame til, og me jobba oss opp igjen til me kom heilt fram. Då blei Ayla rar.. Ho kikka frå den eine til den andre til den tredje og til den fjerde.. TIL DEN FJERDE??? Ho snudde seg mot meg, som for å seia "Mor, det har kommt ei te!!! Ein to tre fir!!!" Då fekk ho ei halv pølse av meg. Og så gjekk me inn igjen.



Ein skikkelig kjip ting eg oppdaga då eg børsta Joey... Han har fått ein klump på høgre sida av brystkassen som liknar den kreftklumpen han fekk operert vekk frå låret for eitt år sidan.
Han skal snart inn for si årlige vaksine, så eg får høyra med veterinæren kva ho seier. Eg veit ikkje om eg vil la han gjennomgå ein ny operasjon i ein alder av 10,5 år og bilyd på hjarta. Men eg er heller ikkje klar for å miste han endå. Han skal jo vera med når me flytter til småbruket vårt i Danmark når me blir pensjonistar, Vetle og eg.

1 kommentar:

  1. Ja, det e det så e så kjipt med dyr. De skal dø før oss, og kan ikkje var med på den endelige lykkelige drømmen... :/
    Eg håpe så inderlig at klumpen ikkje e av farlig karakter, så hold meg meir enn gjerna oppdatert..
    Klem

    Sunday 25 June 2006 - 01:07PM (CEST)

    SvarSlett