lørdag, april 24, 2010

Det nærmar seg D-dagen..

Ja, det nærmar seg den dagen då tida for miljøtrening og sosialisering er over. Eller ikkje over, men alle seier jo at innan kvalpen er 12 eller 16 veker må den aller meste miljøtreninga og sosialiseringa vera gjennomført. Etterpå blir det meir vedlikehald. Og tida nærmar seg, som sagt. Med stormskritt!!

Derfor har me vore og gått litt på nye plasser, treft to nye trygge vaksne hundar, vore på besøk hjå eit par venninner av meg, og i mens vokser Emil for kvar einaste dag.

Det eg ser er at han er berørt av nye miljø. I starten. Då hopper han opp på låra mine og held på slik til han enten går lei, eller tilvenner seg den nye plassen.
Han kan starte med hoppinga om me bevegar oss vekk frå tomta også. Eller når han er trøytt.

Generelt er det utelukkande kjekt å ha kvalp igjen, for Emil er verkeleg drøymekvalpen. Nei, han er Drøymekvalpen! :-)
Jovisst, han et skiten på jordene, og han tisser i gongen sjølv om han nettopp har vore ute, han stjeler sokkar og sko og det han kan få tak i, herjer med Ayla kvar einaste sjanse han får, snapper etter hake og nase når me bøyer oss ned til han, og ein heil haug andre ting. Men ALT er kvalpegjerningar som han vil vokse av seg.

Torsdag var me hjå ein kollega og dotter hennar, og Emil oppførte seg perfekt. Roleg, kosete, leiken, og etter ein times tid sovna han på golvet ved beina mine.

CIMG4613 CIMG4614CIMG4611

 

Fredag hadde eg fri og då var me ein tur til jobben til Vetle. På veg heim fant eg ut at eg hadde VELDIG lyst til å besøke Ellen Beate og Kira, og heldigvis passa det at me kom :-)
Kira var kjempesnill med ein litt usikker Emil, og det ordna seg heilt fint til slutt. Etter ein bitteliten tur saman, tok me begge hundane inn i stova, og sjølv om Emil sprang litt villmann inne i stova, syns Kira han var særdeles sjarmerande. Brått låg dei begge og sov på golved rundt oss :-)

Det er utruleg deilig å ha ein hund som kan slappe så godt av sjølv om me er i framande stover og i lag med framande hundar. Det er eg ikkje van med, og eg ønsker inderleg at det fortsetter slik!

Idag, lørdag, hadde eg avtalt med John og Odin om å treffe dei ein eller annan stad. Det passa seg best slik at dei kom hit til oss, og då Emil kom ut og såg Odin, kom busta opp med ein gong. Han sprang ikkje og gøymde seg, men busta forblei oppe ei stund. Og han får sånn kul hanekambust! Kanskje eg skal kalle det det frå no av :-) Hanekam :-)

I allefall, her er nokre bilete frå leikestund på jordene på Vistnes:

 CIMG4636 CIMG4637 CIMG4638 CIMG4639 CIMG4640 CIMG4648 CIMG4653 CIMG4657 CIMG4674 CIMG4679 CIMG4683 CIMG4685 CIMG4686 CIMG4687 CIMG4688 CIMG4690 CIMG4693 CIMG4694 CIMG4696 CIMG4697  CIMG4698CIMG4718

3 kommentarer:

  1. Flotte og herlige bilder fra lekestunden... Håper det går greit om jeg stjeler noen av dem til egen blogg? Og nok en gang - Tusen tusen takk for spor og playdate - både Odin jeg jeg syntes det var kjempegøy!!!

    SvarSlett
  2. Stjel i vei, du :-) Og det er eg som skal takke, for det er veldig viktige erfaringar for Emil å helse på både deg og Odin :-)

    Eg har allerede anbefalt deg og Odin vidare til søster mi som etter all sannsynlighet får seg kvalp i slutten av mai ;-)

    SvarSlett
  3. Fant ut at det var enklere å linke til innlegget ditt enn å stjele bilder selv, for jeg klarte ikke å bestemme meg for hvilke jeg isåfall ville hatt - de var jo så bra alle sammen... ;-)

    Og det er alltid gøy med valpesosialisering - Odin har bare godt av det han også, så det er bare å anbefale i vei... ;-)

    SvarSlett