mandag, april 05, 2010

Miljøtrening og sosialisering på jobben til Vetle


For at ikkje alle sko skal ende opp slik som kloggen til Vetle, må ein kvalpeeigar lette på baken og ta med seg kvalpen ut på oppdagelsesferd.

Små økter er den store hemmeligheten, og dersom kvalpen får for mykje av det gode, endar det opp i ein raptus.
Den største risikoen ved å overstimulere kvalpen er at den ikkje klarer å slappe av lenge nok til å fordøye alle inntrykka. Emil treng mykje søvn, og det får han, men det gjer det ganske vanskeleg å ta han med på ting og tang. Han sovnar med ein gong han kjem inn i bilen, og vil knapt ut igjen når me er framme.

I dag var tida inne for å avlegge jobben til Vetle eit besøk. Han visste det ville vera nokre folk der, og at containerane ville vera tome og tilgjengelige for undersøking av ein liten Emil.
  

Det viser kan hende ikkje så godt akkurat her, men nettingen på desse elementa var akkurat så store at Emil sine labbar kunne trø gjennom. Men han fota seg oppå der som om han aldri hadde gjort anna, og hoppa opp og ned av det som ingenting! Eg passer på å belønne medan han står oppå, og ikkje etter at han har hoppa ned. Og så forsøker eg så godt eg kan å halde kjeft. Lar han styre på sjølv og konsentrere seg om det han held på med. Ikkje alltid like enkelt, for eg har jo lyst til å skrøyte KONSTANT! :-)







Dette er ein palle med nokre lause plankar og plast oppå. Han hadde heller ikkje problemer med å gå oppå dette. Eg såg at her var spiker i plankane, så han fekk ikkje hoppe opp og ned her så mykje, sjølv om han veldig gjerne ville. Det såg ut til at det var kult å ha plast under labbane.




Denne pallen stod og vippa, men det vippa ikkje Emil av pinnen, for å seie det sånn ;-) Han var littegranne skeptisk til å begynne med, men etterkvart var det ikkje det minste ekkelt eller farleg. Han er i sannhet ein kul kar! Litt forsiktig til det meste til å begynne med, men veldig nysgjerrig og modig likevel.

Innimellom all klatringa fekk han helse på fire mannfolk og ei dame, pluss at han fekk sjå ein truck i action og oppleve at frysecontainerar brått kan slå seg på. Sistnevnte resulterte forresten i at han søkte trygghet hjå meg ved å stille seg mellom føtene mine. Han stiller seg bak meg, og så stikker han hovudet mellom føtene mine og kjenner seg tydeligvis trygg der.

Då rundturen var over, ville han inn i buret og legge seg, og då eg parkerte heime, ville han ikkje ut igjen. Han var trøytt og sliten og ville sove meir.


Me har forresten så smått starta å bruke klikkeren nå. Target, sitt og doggie-zen er det me har byrja med. Han konsentrere seg heilt fantastisk, og er akkurat så enkel å å jobbe med som eg hadde håpa på. Skal få filma noko og lagt ut etterkvart, sjølv om det ikkje er rare kvaliteten over treninga endå. :-)

4 kommentarer:

  1. Flinke Emil-gutten. Kult å se og høre kor miljøstærk han e! :)

    SvarSlett
  2. Han er heilt fabelaktig :-)
    Han er framleis forsiktig av seg, men det ser ut til å gå fort over. Betre med litt forsiktighet enn aldeles ingenting :-)

    SvarSlett
  3. Ja, heilt enig. Det e førnuftig å være litt førsektig, før han sjekke ut teng. Tægne vældig bra! :)

    SvarSlett
  4. Så flink du er Kari Anne. Tenk å få være valp hos deg :)

    SvarSlett