Her er det foreløpige resultatet:










Etter frokost gjekk Vetle ut i stiv kuling med hundane. Joey måtte få dekka til bandasjen med plastpose. Han er så tålmodig og takler alt eg gjer med han! *smelt*
Seinare blei det tid for bandasjeskifte.
Ellers sitter eg og held på med PIF gåva til Siv. Eg storkoser meg, med andre ord! Vetle er engel og lufter hundar i kulingen i dag, og eg har meldt meg frivilling til å hakke opp alt til tacosen i kveld... Huff, for eit urettferdig bytte.. ;-)
Eg hadde på meg MP3 spelaren, og høyrde på Hans Theessink sin "St. James Infirmary" då eg merker at foten ikkje blir med resten av kroppen framover. Eg merker at eg tryner, men det heile går veldig fort. I det knea traff isen, tenkte eg: "Fanken, der gjekk andre kneet også!"
Lufta blei slått ut av meg, og det var flaut og ydmjukande. Likevel reiste eg meg opp og gjekk to-tre rundar til (ein må alltid opp på hesten igjen etter å ha falt av, vettu). Eg måtte dra meg bort til vantet for å komme meg opp igjen, og eg kjente ingenting som var VELDIG vondt der og då. På slutten av tredje runden, derimot, var det såvidt eg klarte å bøye kneet. Nederlaget reiv og sleit i meg, for eg hadde ikkje det minste lyst til å gi meg akkurat då.
I dag kjennes det ut som om eg har drive med styrketrening på kun høgre sida. Eg har blåmerke på hofta (slik går det når polstringa forsvinner), på begge knea, og veldig vondt i brystkassen. Har nok fått gangsperr der også.
Heldigvis slapp eg å bære Joey nokon stad. Ellers ville eg nok hatt meir vondt enn det eg har. Eg krysser fingrane for at det berre er forbigåande...
På søndag er det på'an igjen! :-)
______________________
Oppdatering Joey: Han har sove stort sett heile dagen. Eg køyrde ned til det døgnåpne apoteket for å handle medisiner til han, men kom ned dit og fant ut at eg hadde gløymt resepten. Måtte difor heim igjen før eg kunne ned og kjøpe det eg skulle ha..Nå på kvelden har han vakna til litt, men ute er han endå svært klengete, men har i det minste tissa masse. Han har også ete i kveld, og fått i seg vatn.
Joey på golvet hos veterinæren. Den beroligande sprøyta har
begynt å virke.
Lurer på koss det ser ut i Joey sitt drømmeland...
Eg drog og henta han til klokka var tolv. Då skulle han egentlig vore vaken,
og logra LITT då eg kom. Så sovna han igjen, og ville ikkje vera med meg.
Eg skulle ut og betale, og stod klar med minibankkortet då eg høyrde sår uling frå rommet der Joey låg. Eg ilte inn igjen, og då hadde han reist seg opp på albuane. Eg fekk sjangla han ut i bilen, og sprang inn og betalte... Eller.. sprang og sprang... Sjå neste innlegg..
Operasjonen er ferdig, og eg ville ikkje sette han i buret. Derfor
får han sitte i baksetet, og har lagt hovudet oppå midtkonsollet.
Der sovna han og snorka heile vegen heim.
Joey i stolen sin med halen godt bandasjert. Han har gnuuuurt snuten sin nedi teppet,
og fordi han var kald på halen hos veterinæren, har eg satt på varmeovn til han.
Han skal i alle fall ikkje fryse!
Stakkars Olaug, når eg finner ut at eg vil prøve noko nytt, ringer eg til henne, griner min arme råd, og så har ikkje ho noko anna val enn å vera med. Me var og stod på skøyter på søndag, og fy flate, så kjekt det var!!! Eg skal dit i morgon igjen, og gleder meg som ein unge!
Ayla på trening i går. Ho låg i dekk og bli, og eg ba Solfrid gå litt ekstra nært henne. Joda, ho kikka bort på Buster, men låg dønn i ro og sladra til meg som om ho fekk betalt for det!
I går tok eg bandet HEILT AV når me trente, og då me skulle i bilen igjen, gjekk me forbi dei andre utan band! Joda, ho hadde seg ein tur bort til Kira, men ingen skade skjedde (for meg i alle fall), eg er berre fornøydd at dei ikkje gjenopptok leikinga fra då me gjekk tur i lag. :-)
Hedvig har augene igjen, og og skal komme seg forbi hindringane ved hjelp av vel formulerte tagpunkt.
Cecilie har fått bind for augene og blir lært opp som blind til å stoppe opp når ho dulter borti ting.
Siv ønsker å lære å slå hjul, men er redd for å tippe over. Her står ho og får tagpunkt frå Theresa.