mandag, september 04, 2006

Aleinetur med Ayla i regnvær og sterk vind.

Målet med turen var å gå ned til Sky med sukkerbitar og gulrøter. Eg kunne like gjerne ta med meg Ayla, og sidan eg hadde fått heilt flunkande nytt regnsett på fredag, brydde eg meg heller ikkje om regnværet som hang truande over Vistnes.

Det nye hesteleiebandet som me kjøpte på XXL er så utrulig perfekt langt nok! :-) Må ha meg eit til, trur eg...
Anywho, då me kom ned til Sky, stod han inne og koste seg med høy. Gadd knapt nok stikke nasen utfor døra for å sjå at me var der. Det var like greit, for for ein gongs skuld hadde eg gløymt klikkeren. Eg har nemleg tenkt å klikke han til å takle å stå ved påstigningsrampe, sånn at det er lettare for meg å ri han åleine. :-D

Me gjekk berre vidare, og over til ein sti der Ayla kan springe laus. Ho var no blitt søkk gjennomvåt, og blei spinnvill då ho slapp utor bandet! Ho sprang rundt i eit tilsynelatande ubestemt mønster, før ho smalt ned i sitt rett ved sida av meg. Ikkje i utgangsstilling, men ho smalt i alle fall ned slik berre rottweiler kan smella i sitt.. Det dirra nærmast i bakken...

Vidare derfrå gjekk det rolegare for seg. Ho haldt seg rundt meg heile tida, og var kjempeflink! Det gjorde ingenting at eg hadde gløymt klikkeren, for ho reagerer på BRA også.

Då me nærma oss Vistnestunet, låg der ørten hestemøkkhaugar der. Ho var såvidt borti ein, og så var ho ikkje interessert etter det. :-) Fantastisk!



________



Vel heime sat eg i sofaen og kjende noko som kitla under genseren mellom puppene, liksom. Eg tenkte at det sikkert berre var noko frå buskane eg hadde gøymt meg under, eller at det var rusk frå trea eg hadde gått under. Men det var det ikkje... Det var ein flått!!!!! Resten av kvelden gjekk med til å klø og sjekke for hundreogellevte gong at det som kitla på armen IKKJE var flått.

1 kommentar: