mandag, september 25, 2006

Gløymte jo heilt å fortelje...

Lørdag blei eg advart mot å gå for nært vegen, for der var der myr.
Eg gjekk der eg meinte det var tørt nok, og kjende jo at der var vått, men at det gjekk bra. Brått forsvinn foten nedover med ein ekkel slurpelyd, og så står eg til kne i myra og lurer på om eg skal døy no. I eit brøkdels sekund ser eg føre meg at eg forsvinn ned i det svarte holet, og at ingen høyrer frå meg igjen.. Så tenkjer eg at eg må jo ikkje berre stå her og synke endå djupare! Då stod eg nedi til over knea.

Eg la meg framover og fekk karra meg opp. Det var berre flaks at eg ikkje mista skoa nedi der!

Heldigvis hadde eg både sokke-, kles- og skobyte med meg!


Andre dagen hadde eg lagt spor for Ellen Beate og hadde lagt slutten. På veg tilbake forsvinn foten under meg igjen, men denne gongen nedi eit 60-70 cm hol i bakken. Ikkje der NOKAS pengene var gøymt, altså, men det kunne vore det...

I botnen av holet var der bittelitt vatn, så eg blei ikkje blaut denne gongen, heldigvis! Det gjorde berre vondt i rompa og stoltheten min... Og det overlever eg alltids... Trur eg... :-)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar