lørdag, september 23, 2006

Konsultasjon om Ayla sine problemer.

Me starta med å prate. Eg fortelde om oppveksten til Ayla, og pynta ikkje på noko, og ho spurde ein haug med spørsmål.

Så skulle me ha ut Ayla, og ho var jo så sliten, stakkars... Ho viste ikkje særlig interesse for å helse, korkje på meg eller Maj-Brit. Og me prøvde å setja opp dummy-figurant langs vegen for å sjå korleis ho reagerte på den, men den gjekk ho berre utanom. Så simulerte me "møte med einslig menneske langs vegen" utan å få noko særs reaksjon, og ho var i det heile lite interessert i det meste.

Råda eg fekk var:
Lær inn Sitt og Bli med betrakteleg høgare kriterier enn til f.eks lydighet, slik at om me står ein plass og det kjem folk bort til oss, så kan eg setja henne og sei Bli, og så kan eg gå bort og helse, og så rope henne bort etterpå. Då unngår me at personen kjem bort til oss, og oppnår at Ayla er den som kjem "inn i gruppa".

Eller me kan gå unna litt, i alle fall til personen kjem inn i gruppa me står i, og så gå tilbake.

Eg skal desensitivere henne for hender ved å la Ayla bruke ei utstrakt hand med innsida ned som target med hovudet. Altså at ho sjølv skal komme med hovudet og plassere det under handa.
Me skal også trene på at Ayla sjølv kjem og stiller seg under framoverbøyde menneske.

Når me er ute på tur, skal eg lære henne å sladre. Det får eg til ved å ha langline på henne, følge med henne, og når ho oppdager noko, skal eg trø på langlina så ho ikkje går lenger fram, ho snur seg mot meg og lurer på kva som skjer, DÅ klikker eg. Ho kjem tilbake til meg, og me går fot til me har passert.
På denne måten skal ho, i ein perfekt verden, kunne gå f.eks femti meter foran meg (uten langline), sjå ein mann på stien, stoppe opp, og springe tilbake til meg for å få godbit, gå fot til mannen har passert (gjerne med ei leike i munnen), og så kan ho springe laus igjen.

Dersom det ser ut til at mannen skal snakke til oss, eller noko slikt, skal eg då setje henne og Bli, og så gå bort til han. Dersom han vil helse på Ayla, roper eg henne bort til meg, han bøyer seg over henne og klapper, og ho har lært at dette er heilt greit. Det kan til og med hende at ho stiller seg slik sjølv. Så er me ferdig og kan gå vidare.

I ein perfekt verden. :-)



Maj-Brit sa også at problemene til Ayla ikkje var min feil, og at om eg ikkje hadde jobba slik med henne, og skånt henne då ho var kvalp for uvørne folk, at ho kunne vore betrakteleg verre i dag. Det var gode ord som gjekk rett der dei skulle.
Ho sa eg var ein flink hundeførar som kjente hunden godt, og at Ayla hadde stor tillit til meg. Ho sa også at eg las henne godt, og at eg allereie var på god veg med den treninga me hadde holdt på med.

---------


Konsultasjonen varte i to timar, og eg kjende at på slutten var jammen eg også sliten!
Eg var heime litt over halv sju, lagde tacos, åt tacos, drakk te, og så blei eg så trøytt at eg gjekk og la meg før halv elleve. Ayla la seg under bordet med ein gong me kom heim, og blei vekt for mat, og la seg under bordet igjen. Ho måtte også vekkast for å lufta seg siste turen før natta.

Ni timar ute i skogen kan gjer einkvar stuptrøtt, og godt er det!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar