mandag, september 18, 2006

I dag har Ayla vore hjå oss i eitt år!

I dag for eitt år sidan var det også bursdagen min. Og eg vakna med somarfuglar i magen. Ikkje fordi det var bursdagen min, men fordi me skulle reise til Karmøy for å hente heim Ayla!

Kjenslene var blanda også, for mor låg på sjukehuset og hadde nesten døydd eit par dagar tidlegare. Morfar sovna inn dagen før.

Me skulle besøke mor først, før me henta Ayla, og hadde med oss ostekake som me åt på sjukehusromet. Mormor og Tante Bjørg var der også, i forbindelse med at morfar hadde døydd på same sjukehuset dagen før, og dei ville innom mor før dei drog heim.

Så drog me for å hente heim nurket.
Fram til den dagen visste me ikkje kven av kvalpane som skulle bli vår, men det viste seg å vera den som hadde vore mest borte hjå oss då me var på besøk to veker tidlegare.

Ho vog vel seks - åtte kilo på veg heim, og kunne strekke seg så lang ho var på golvet mellom beina mine på førarsida.

No er ho 41 kg og tek opp heile baksetet dersom ho er laus i bilen.

Ho har nett byrja si andre løpetid (torsdag kom første blodflekken), og er elles ein glad og lukkeleg rottweiler. Ho er røntga fri for AA, og skal øyenlysast på torsdag.

Dette siste året har gått veldig fort. Mykje har skjedd, og me har gått ikkje mindre enn fire kurs på det året! Fire!! Me har lært mykje, og opplevd endå meir.
Me har blitt kjent med ein haug med kjekke hundar og eigerar, og håper på å halda kontakten med ein del av dei framover også.

For eit år! :-)

3 kommentarer: