torsdag, september 07, 2006

Pubertetsopprør miksa med pre-løpetid?

Vetle tok ut Ayla med ein gong han stod opp i dag, og då tissa ho berre ein gong. Ho maste ikkje om å få ut frå eg stod opp og til eg skulle ta frokostluften.

Me har det nemleg slik at Vetle står opp klokka seks. Han åpner då døra for hundane (dei ligg på eige rom med seng og korg og radio på), og så går han og lager mat til dei.
Eg står opp fem på halv sju, et frokost, steller meg, og når det har gått ein time sidan hundane fekk mat, tar eg dei med meg ut på morgenlufting som varer frå 15-20 minutter, alt etter kor lang tid det tek før dei gjer frå seg.
Slik er det hos oss kvar einaste morgon.

Med meg tissa ho to gonger. Det er vanleg.
Og ho fann ein pinne som ho sprang avgårde med... Klokka nærma seg "nå-må-du-køyre-som-eit-olja-lyn-for-å-nå-jobben", og Joey og eg gjekk berre inn. Ho kjem etter nokre få minutter til vanleg, men ikkje i dag, nei.

Eg gjekk ut igjen, og rusla bortover mot Vistnestunet. Eg høyrde illevarslande gåseskravling, og småsprang. Akkurat då kom Elna køyrande, og då ho steig ut av bilen, spurte eg om Ayla var der borte. Det var ho ikkje, for ho kom nemleg gallopperande bak meg, sprang forbi, og rett ut på jordet etter nokre høner som stod der. Eg sa ingenting, men sprang mot henne. Elna ropte på henne TO gonger, og så slutta ho å springe etter hønene, og pilte bort til Elna for kos! :-)

Eg fekk kobla henne i bandet, og då me var på veg heimover, kom Rolf syklande. Han er far til Elna, og er litt brauten og har kvitt hår. Ayla digger fyren opp i skyene, og visste knapt nok kva fot ho skulle stå på før ho fekk gå og helse!
I ettertid skulle eg kan hende ikkje sleppt bandet for å la henne springe bort til sykkelen, sidan eg jo trener på at ho ikkje skal bry seg om syklar... Vel, eg får sjå koss det går i ettermiddag når Olaug og Swejsan kjem og skal gå tur i lag med oss. Etter turen vil eg prøve å få trent litt på BLI, enten liggande eller sittande. Får sjå...

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar