søndag, september 24, 2006

Brukshundkurs. Søndag.

Starta dagen like tidleg, men ingen promillekontroll denne morgonen, heldigvis.

Køyrde heimanfrå klokka kvart over åtte, og var framme ti på ni. Då hadde eg ete frukost i bilen.

Me starta med feltsøk i dag, og målte opp eit felt på ca 35x15 meter som me alle gjekk og trakka i etterpå.
Ein og ein hund skulle finne igjen si eiga leike som me hadde lagt ut heilt i andre enden av feltet.
Då det var Ayla sin tur, var eg uviss på om ho kom til å ville springe så langt vekk frå meg, men det gjorde ho altså. Ho sprang rett ut der ho trudde ho hadde sett at frosken landa.
Eg må jo også legge til at då me kom bort til feltet, viste ho stooor helseinteresse mot dei som stod som tilskodarar. Dette la også Maj-Brit merke til.

Etter feltsøket delte me oss opp igjen, og eg jobba i lag med Astrid idag også.
Me skulle forsøke sikksakkspor igjen, og denne gongen gjekk det glimrande! Instruktøren var med, og ho roste Ayla for å vera tydeleg og flink og konsentrert, og meg for å føre henne bra, og lese henne godt, og la henne søke i vinklane.

Astrid sitt spor gjekk dårleg, for Dixie er skotredd, og dei hadde funksjonsanalyse lenger borte. Det var ganske svake lydar, men ho datt heilt ut likevel.

Så gjekk eg eit veldig enkelt og ferskt spor med Ayla åleine, utan Astrid med, for Maj-Brit meinte me var klar for det. Me måtte ikkje bruke for mykje hjelp for lenge, meinte ho på, for Ayla var så flink til dette at eg måtte lære meg å stole 100% på henne.

Så la eg nokre spor for andre, og så skulle Maj-Brit legge Ayla sitt siste spor for dagen. Ho skulle gjera det vanskeleg, med krysningar og gjenstandar i sporet og ulikt underlag og gjennom buskar, og mykje lenger enn tidlegare. Eg skulle dessutan ikkje få særleg hjelp frå merkebanda i vinklar og slikt.

Sporet låg vel ein times tid, og Ayla var i kjempehumør, sjølv om det nærma seg slutten av dagen.

Joda, sporet var VANSKELEG!

Det starta på toppen av eit grustak! Eg holdt på å gå på trynet to gonger, fordi det var så bratt, og Ayla fekk grusras i baken. Ho leita litt i ein sving, men fekk oss ned på rett plass. Grus hadde me ikkje gått på før denne helga, men det gjekk, det også.

Dei to første gjenstandane gjekk ho rett forbi. Sporkrysset sleit ho med, for det var Astrid som hadde gått krysninga, og Ayla hadde jo fått godbitar for å gå hennar spor FIRE gonger den helga.
Me kom oss vidare, og så hadde ho ein ørliten stans på gjenstand nr. 3, men eg såg han ikkje på førehand og rakk ikkje å rose eller klikke.
Gjenstand nummer fire stansa ho endå lenger opp på, og då rakk heller ikkje å rose. Men den gongen mangla det berre eit brøkdels sekund.

Sporet bestod av svingar og vinklar og gjenstandar og terrengskifte og buskar og diker og gudane veit, før frosken endeleg låg foran henne i skogen! Ho fann den jo!! Eg trur nok sporet har vore over 150 meter, for me gjekk ganske lenge.

Eg må hugse:
* Koble av langlina når ho finn sporslutten.
* Leike bakover i sporet
* Jobbe mykje med apport og klikke når ho stanser ved gjenstandar
* Trene på sporoppsøk utan merkeband.
* Hugse på å seie "Legge spor" om å lage eit spor som eg seinare skal ha med hunden på, og
"Gå sporet" om når eg faktisk har med hunden.

Til slutt tok me eit feltsøk igjen, og denne gongen gjorde ho alt perfekt!
Eg må begynne å auke kriteriene der rimeleg kjapt!

-----------------------


Konklusjon:
Ei fantastisk helg! Ayla har jobba som ei heltinne, sjølv med løpetid, og eg har kost vettet av meg! Skulle ynskje helga bestod av fire dagar etter kvarandre, og at me skulle halde på dobbelt så lenge!

Instruktøren var kjempegod, og eg lurer faktisk på å melde meg på det neste kurset ho skal ha her også. Det var så utruleg kjekt!

Eg har skikkelig lyst til å skrive til Trond og spørje etter mailadressene til dei som gjekk kurset, så kan hende me kan treffast ein gong i månaden for å gå spor i lag? Det treng jo ikkje vera på Sviland kvar gong...

Åh, det hadde vore kjekt, altså!

Kva er det Siv og Elin plar seia? "Det er jo berre å gjer det!" :-)

Vel heime sovna Ayla momentant, og sov til kveldsturen halv ti. Ho gjekk og la seg igjen då me kom inn att.





Bilete kjem seinare...

3 kommentarer:

  1. Åh!! Det hørdes kjempekjekt ud!! Håbe de ska ha fleire kurs seinare for æg he sett mæg opp på lista :)
    Men, kor tid ska me træna igjenn?He en liden ting så æg slide litt mæ... Me må få gang på dæ ;)

    SvarSlett
  2. Ja, du kan bare glede deg!! Heilt vanvittig kjekt!!

    Det du slite me tar me på lørdag. Får jedna med meg ei te som har lyst til å bli med oss å trene, og ho skal også sikkert jobbe med utgangsstilling slik både meg og deg skal ;-)
    Glede meg, og eg ska IKKJE la nåke komme i veien for det så sant det er mulig! :-) Eg love!!!

    SvarSlett