tirsdag, september 05, 2006

Ingen spesiell trening i dag heller.

Rett etter jobb tok eg med meg begge hundane og begynte å gå oppover mot sentrum i møte med Vetle. Det gjekk veldig greit, me traff ingen hundar, og halvveis kom der ei dame bak oss. Me gjekk over på andre sida av vegen, og då Ayla såg henne, stod ho berre og kikka på dama, med litt bust. Ingen lyd. Veldig bra. (eg tar alt eg kan få, eg)

Kvar gong det kom bil frammefra (herregud, for eit ord!!), gjekk Ayla bak meg og fekk godbitar på mi venstre side. Det liker eg! Begge haldt seg inntil sida, og berre ein gong måtte eg minne Joey på å gå inn, og og to gonger stoppa eg fordi Ayla skulle sjå etter ein bil.

Me rakk bare knappe to km før Vetle kom, og Ayla klarte knapt nok styre seg då ho såg kven det var! Joey fekk sitje framme med meg, og eg trur han var glad for at han slapp å ligge i buret.

Då me kom heim, var heile husvertfamilien i hagen, og Ayla tok sjarmør runden. Eg ville inn og lage middag, ropte ein gong, og ho kom som ei kule! Juhuu!!

Etter middagen tok eg med meg Ayla ned til Elna på Vistnestunet for å levere frå meg noko eg hadde printa om klikkertrening og hest og å få hesten inn på vogna med hjelp av klikkeren.
Der var det rideskule, og tre jenter dreiv framleis på og hoppa hinder. Me sette oss berre ned for å sjå, og Ayla følgde interessert med. Ho trakk ikkje i bandet då, men sette seg ned foran meg, og prøvde å hypnotisere Elna bort til oss..

Omsider var jentene ferdige med å ri, og Elna kom bort. Ayla gjekk utor sitt gode skinn, og eg trakk meg lenger vekk frå Elna. Med slakt band klarte ho endeleg å få helse på Elna, og gjensynsgleden var STOR! Ayla har ikkje sett Elna sidan før Elna drog til Shetland for ein månad sidan!

Oppe ved der gjess, høns, ender og griser held til, drog Ayla veldig i bandet. Eg surra det rundt livet, og stod som ein påle. Eg klikka kvar gong bandet blei slakt, og det tok ikkje lange tida før bandet var slakt heile tida, og ho sette seg ned for å kikke på alle dei spanande krettura.

Og eg fekk hjarteleg klar-signal frå Elna om å byrja med klikkertrening på Sky! Juhuu! Han likar eple, gulrøter, sukkerbitar og brød!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar