lørdag, september 02, 2006

Tur på Bråstein igjen

Lørdag klokka 12 drog me avgårde til Bråstein. Då me nærma oss, kjende eg at eg faktisk var littegranne nervøs. Me skulle jo berre gå tur, men eg kjende likevel at sommarfuglane fauk rundt i magen.

Då me kom fram til parkeringsplassen, tok me Ayla ut av bilen, og kopla det nye bandet me kjøpte på XXL i går ( for 59 kroner og som er kanalbånd på langt over to meter og som eg har leita meg halvt i hjel etter på dyreforretninger og som eigentleg er hesteleieband) i selen hennar.
Det gjorde eg fordi eg vil at ho ikkje skal forbinde den parkeringsplassen med det å springe laus.

Den første hunden me møtte på etter at eg hadde kobla henne laus, var ein setter. Dei helste fint, og Ayla sprang bort til eigaren etter hilsinga, sånn berre for å snuse på.

Så kom ein New Foundlender i lag med to menn med barnevogn og til saman fire ungar. Ayla var ikkje så interessert i denne hunden, og dei to eldste ungane lurte på om dei kunne få klappe henne. Det sa eg ja til. Dei bar på ein pinne, og Ayla syns det var litt ekkelt, så ho sprang berre forbi. Dei to minste ungane, derimot, var av større interesse, og ho gjekk roleg bort og snuste på den eine mens ho logra veldig. Så sprang ho vidare igjen.

Me traff vel til saman 15-20 hundar, og halvparten så mange folk. Ein mann gjekk ho bort til og snuste på, for deretter å ta fart til å bjeffe, men gjorde ikkje noko meir enn det.

Heil i enden av stien traff me eit anna par med ein rottweilerhann på nøyaktig same alder som Ayla. Balder, heitte han. Dei leika masse masse saman, før Ayla ikkje hadde meir pust igjen og måtte kvile litt. LITT er det rette ordet her... Ho hadde slappa av i knappe minuttet, så var det på igjen med Sisten og bryting og "ålling". Dei koste seg veldig, og me syns jo det var skrekkelig stas å sjå på. :-)

På vei mot bilen igjen traff me ei skjønn lita rottweilerkvalp på 17 veker, og ho lukta kvalp endå!! *smelt* Ayla oppførte seg fint mot henne, men då eg klappa kvalpen, viste ho litt sånn mobbetendenser. Vetle trekte henne berre roleg vekk så eg fekk kose ferdig med kvalpen. Kan tru eg blei kvalpesjuk igjen!!!! Sukk...

Alt i alt var turen vellukka, og me har gjort ein avtale oss i mellom at me skal ta turen til Bråstein EIN lørdag i mnd.

Resten av kvelden var ho heilt slått ut, noko eg IKKJE var lei meg for! :-)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar