fredag, september 08, 2006

To esel og skrekkblanda fryd!

For ein morgon, seier nå eg!

Vakna av meg sjølv ti på seks, og gjekk og lukka opp til hundane. Ayla holdt på å få sjokk då ho såg kven som opna, ho er jo vant til at det er Vetle som gjer det...
Eg la meg på sofaen litt mens eg gnur-koste med Ayla, og ho la seg jammen ned på golvet og sovna igjen av det!

Det surkla godt i magen til Joey i morges, sidan han ikkje åt kvelden før. Han blir kvalm og dårleg når han ikkje et, og då orker han i allefall ikkje å ete, stakkars... Han tok ikkje i mot Frolic, skive med leverpostei, leverpostei åleine, skinke eller kattemat.
Ayla åt heller ikkje maten sin i dag.

Tok som vanleg med meg eitt band då dei skulle luftas. Eg gjekk ut eit kvarter tidlegare enn eg pleier, så eg kunne vera ute med dei lenger. Me kom bort til lyktestolpen og då såg eg at begge esla gjekk lause lenger borte. Jippi, tenkte eg, og gjekk mot jordet så Ayla skulle kunne gå på do. Ho gjekk ut til midten av jordet, og så stod ho der og kikka på det svarte eselet. Eselet stirra tilbake. Så kom eselet springande mot henne, og ho tok ut i motsatt retning med eselet hakk i hæl!
Så fant ho ut at "Nehei, dette var ikkje kjekt lenger, eg snur, eg!" og så sprang ho etter eselet.
Deretter var det eselet sin tur til å få same klarsynthet, og snudde og sprang etter Ayla. Slik holdt dei på nokre gonger, før Ayla syns at nå var det ikkje skrekkblanda fryd lenger, det var meir skrekk enn fryd og sprang bort til meg. Eg fekk kopla på henne bandet igjen.

Mens alt dette stod på, var Joey levande interessert i kva som foregjekk, og stod og pistra og peip og ville vera med, han også.

Dei teite esla sprang bortover mot huset der me bur, og eg lurte fælt på korleis eg skulle komme meg heilskinna heim.
Eg hadde berre eitt band, og hundane var kobla i kvar sin ende av det.

Med så kort band var det ikkje mogleg å komme seg framover utan at bandet var stramt, så eg tok av Ayla halsbandet og la bandet rundt brystkassen hennar for å simulere sele.
Det gjekk som det måtte gå, ho kom seg jo utav det, og sprang bort til det grå eselet som er mykje eldre og klokare enn det svarte. Dessutan stod det svarte eselet gøymd bak hekken og stod og beita på plenen.

Det grå eselet stod heilt i ro, så det var ikkje så interessant. Mens Ayla stod og kikka på det grå eselet, sprang eg inn med Joey, og skulle akkurat ut og hente Ayla inn også, då det svarte kom susande frå plenen og skulle ta opp at leiken/jakta/whatever. Ved hjelp av eit mirakel fekk eg med meg Ayla inn likevel, og kunne trekke eit lettelsens sukk på innsida av døra.

Det er jo ikkje så veldig lenge sidan to rottweilerar lemlesta nokre esel på austlandet, så eg er glad det gjekk godt. Sjølv om at i akkurat dette tilfellet som me opplevde i dag, så var det vel større sjanse for at esla hadde lemlesta rottweileren, tenkjer eg...

Joey åt opp all maten sin, og så gjekk han fornøyd inn på romet for å legge seg oppi senga si. Ayla tilbaud lynkjapp og rett SITT, og fekk godbitar i korga slik me pleier før eg går om morgonen. :-)

Jepp, denne morgonen går rett inn i rekka med rare morgonar på Vistnes. Kalkuner, minihestar, småjenter, nekrofile gjess, lause kyr, og nå lause esel.. Jadda...

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar