torsdag, september 07, 2006

Tur og trening med Olaug og Swejsan

Olaug kom samtidig med at eg kom heim frå jobb i dag. Me hadde oss litt brødmat før me tok med oss hundane og rusla avgårde. RUSLA, eller SNEGLA oss avgårde, meiner eg.
For det gjekk jaggumeg seint! Me stoppa når dei drog i bandet, og der stod me.
Her står det om bandtrening, og den har eg tenkt å følge nå. Nesten heilt slavisk.
Ayla ER flink i band, men ho har absolutt forbedringspotensiale! For å få henne til å gå like ved sida av meg, må eg klikke og klikke og klikke og klikke, og eg føler ikkje eg kjem meg særleg vidare.

Før me gjekk, hadde me avtalt med Vetle at når me var ein time unna, skulle me ringe han på mobilen og så skulle han sette inn rotgrønnsakene i ovnen, sånn at dei skulle vera nesten ferdige til me kom tilbake. Då kunne eg berre steike kyllingen og lage sausen, så var middagen klar.
Problemet var berre at både Olaug og eg gløymde mobilen... Jadda...

Æææænihu, me fekk nå omsider karra oss til der me kan sleppa hundane lause, og dei koste seg skikkeleg! Ayla blei ikkje så sliten i dag, så me brøyt inn og roa det ned litt.
Swejsan fekk prøvd ut instinktene sine på nokre fuglar han jaga opp, og det var jo artig å sjå på! :-)

Resten av turen heimover gjekk Swejsan i band, og Ayla laus. Då me kom til Vistnestunet fekk ho på bandet, og ho drog VELDIG to gogner. Den eine gongen ville ho bort til Elna, og den andre gongen var då ho såg to kvite ender som låg og kvilte på bakken. Då ho hugsa kva som lønte seg, gjekk ho like ved sida av meg mens eg klikka oss forbi ender og høns og gjess.

Då me kom heim, gjekk eg rett inn og sette maten i ovnen, og så ut igjen for å trene bli sittande og bli liggande. Det gjekk veldig bra, ho låg beint og dønn i ro! Eg gjekk cirka to meter vekk, og stod i tre sekunder på både liggande og sittande.

Etter ei lita stund var det tida for å steike kylling og lage saus, så då fekk me endeleg i oss varm mat.
Ayla roa seg veldig fort, og sov til Vetle tok henne med på siste kveldsturen.
Ho åt ikkje kveldsmaten sin. Ikkje Joey heller.

ÅH!!! Me må jo sjølvsagt gå ved sida av kvarandre, eg og Olaug!! Då drog nesten ikkje nåken av dei, jo!!!

ehm...

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar