lørdag, september 23, 2006

Brukshundkurs. Lørdag.

Lørdag skulle me møtast klokka ni på Sviland, så eg måtte opp kvart på sju. Jippi med helg, altså!
Kom meg då opp, og fekk pikkpakk ut i bilen innan det klokkeslettet eg hadde bestemt meg for. Ikkje verst berre det!

Gleda varte ikkje lenge, for eg blei stoppa i promillekontroll. Eg har ikkje smakt alkohol på halvanna år, og likevel var eg skikkeleg nervøs!

Han skulle ha førarkort og vognkort, og førarkortet låg i veska i baksetet. Eg måtte ut av bilen for å hente det, og i mellomtida gjekk han bak bilen og kikka veldig. Eg lurte på om det var noko smuglarsjekking på gong, sidan han såg så nøye baki, og Ayla (under over alle under) ga ikkje frå seg ein lyd. Eg skjøna kva han skulle sjå etter, og sa det stod ein rottweiler baki der og at eg var på veg til brukshundkurs. Han blei heilt med og begynte å prate om at han også dreiv med hund og bla bla bla medan eg sat med kulekinn og blåste i den promilledingsen. Jaja...

Eg kom meg då omsider til Sviland, og me tok først ein og ein hund og la eit veldig enkelt spor på 50 beine meter MED bekk, og la masse godbitar i sporet og leike i slutten av det.
Då det var Ayla sin tur, ga eg bandet til instruktøren, leikte med frosken med Ayla, og så gjekk eg innover og mista godbitar mellom føtene mine.

Etter at eg hadde lagt slutten, fortsette eg nokre meter vidare, gjekk MED vinden nedover, og så gjekk eg opp igjen til der Ayla stod. Ho sat og nistirra innover skogen etter meg, men ho stod i alle fall ikkje og nappa i bandet! Flinke jenta til mor!

Så festa eg på sporlina i selen og ho tok ut som eit TOG innover! Plukka ingen godbitar, følgde sporet perfekt, til og med over bekken, sjølv om ho stansa der littegranne, og fann frosken i enden. Me hadde lært å leike hunden bakover i sporet, slik at OM me skulle gått vidare, så hadde me ikkje trakka i sporet.

Så blei me tildelt partnerar, og eg skulle vera i lag med Astrid (17 år) og Dixie (16 mnd).
Eg la spor for Astrid og Astrid la spor for meg. Me gjekk dei i lag alle gongene.
Instruktøren var med på to spor til saman den dagen, og eg fekk skryt for føringa mi, og kor god Ayla var å lese, og at eg var flink til å la Ayla jobbe og leite om ho datt av sporet eller støtte på vinklar.

Det var jo kjekt å høyre!

Siste sporet var i sikksakk på anna underlag enn tidlegare, og ho rota litt då. Men så hadde eg lagt spor for Astrid nokre meter lenger oppe, og det er særs mogleg at det slo inn på det som me gjekk. Ho fann i alle fall pipedingsen som markerte slutten, og me leika og hadde det kjekt!

Ayla var dønn gåen etter endt kursdag! Lovely!!!





















Janco med mamma Lene til venstre, og Maj-Brit instruktør til høgre. Janco er ein 5 mnd gamal Toller.























Dixie skal gå sitt første sikk-sakk spor. Maj-Brit i bakgrunnen, og Astrid fester sporlina i selen til Dixie.

2 kommentarer:

  1. Eg måtte le høgt når du skrive om politimannen. Eg får også høg puls og blir skikkelig nervøs når eg ser politi, UTEN at eg har gjort nåke gale, og der står du, ska på kurs, og maen begynne å babla om hundar.. hehehehehe.. Gullgodt altså.. =)

    SvarSlett
  2. Ja, eg kjende meg rimelig lur der eg sat og blåste og liksom skulle følgja med på kva han sa..

    Tenke seg til at me som er oppvokst med politiuniformar her og der skal bli SÅ nervøse!!

    Jaja... det utgjorde ein liten digresjon i bloggen min, og han var jo veldig koseleg, i det minste :-)

    SvarSlett